Hems

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein hems eller hemse er eit lite soveloft i ei stove eller ei hytte, som er ope ut mot hovudrommet i bygningen. Han kan fungere som ein billeg og enkel måte å utvide arealet og sengekapasiteten på i ein overnattingsstad.

Ein hems blir typisk ikkje nytta heile tida under eit hytteopphald, men fungerer som eit utfyllande element i gamle og nye hytter. Hemsar med låg takhøgd kan nyttast av barn til leik og sporadisk overnatting, medan hemsar med større takhøgd kan nyttast til meir varig overnatting eller som opphaldsrom.[1] Ein hems bør ha luftevindauge, både fordi det kan bli særs varmt oppunder taket og for å ha rømmingsveg i tilfelle brann.

Namnet «hems» er ei forkorta form av hemsedal, brukt om soveloft, etter stadnamnet Hemsedal.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Avklaring om høyde på Hems». Norske Hytteprodusenters Forening. 21. september 2016. Henta 20. oktober 2019. 
  2. «hems». Det Norske Akademis ordbok. Henta 20. oktober 2019.