Henrik H. Tveit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Henrik Andreas Henriksen Tveit (17. oktober 189010. juli 1973) var ein agronom og lokalpolitikar frå Gulen kommune i Sogn og Fjordane.

Tveit sat som ordførar i Gulen kommune frå 1932 til 1941, og igjen ein kort periode etter at andre verdskrigen tok slutt i 1945. Forgjengaren hans var Hans Kolbeinsson Rutledal, og Søren Randal tok over etter Tveit i 1945. Han var fylkesagronom i Sogn og Fjordane, og var med på å skipa Gulen Kraftlag i 1939.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkelen er ei omsetjing av «Henrik H. Tveit» henta frå Wikipedai på bokmål.