Henrik Kaarstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henrik Kaarstad
Fødd12. august 1865
Død13. desember 1927 (62 år)
Yrkeskribent
Alle verv
  • ordførar i Volda Sjå dette på Wikidata

Henrik Kaarstad (12. august 186513. desember 1927)[1] var ein norsk skulemann som stod bak oppstarten av Volda lærarskule. Han vart fødd i Innvik i Sogn og Fjordane, men voks opp på garden Kårstad i Utvik dit foreldra flytte då han var barn.

Utanom barneskulen gjekk Kaarstad amtsskulen i Gloppen, to-årig lærarskule på Stord og Hambros mellomskule i Bergen. Han hadde tenkt å studere teologi, men då han i 1886 vart tilsett som styrar ved «Voldens høiere Almueskole», vart det ikkje noko. Sjølv om han ikkje vart teolog, var han heile livet oppteken av og engasjert i kristeleg og sosialt arbeid. Kaarstad var styrar av allmugeskulen til 1892. Då vart skulen nedlagd som følgje av den nye folkeskulelova av 1889. I 1892 vart Kaarstad, som no var gift med Johanne Flote frå Folkestad i Volda, tilsett som lærar og klokkar i Talvik i Finnmark.

I 1893 drog paret attende til Volda og starta privat eit eitt-årig kurs for den lågare lærarprøva. Saman med Aage Stabell starta han i 1895 to-årig privat lærarskule i Volda. Kaarstad løyste i 1908 ut Stabell og vart eineeigar og styrar av skulen. Same året fekk skulen eksamensrett. Då han i åra etter fyrste verdskrigen såg at lærarskulen snart ville verte fireårig, gjekk han i gang med å få reist eit nytt lærarskulebygg. Han fekk kjøpt ei tomt som han kalla «Kåretun». Her stod nybygget ferdig i 1922. Huset vart teikna av arkitekten Øyvin Berg Grimnes.[2] Huset høyrer i dag til Høgskulen i Volda og vert kalla Henrik Kaarstad-huset.

I tillegg til arbeidet i skulen var Henrik Kaarstad samfunnsengasjert. Han var medlem av skulestyret og heradstyret. Ein periode var han ordførar i Volda.

Kaarstad skreiv fleire lærebøker til bruk i lærarskulen. Han var rektor på Volda lærarskule til han døydde i 1927.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ola Gjengedal: «Henrik Kaarstad» i Årbok for Nordfjord 1988.
  • Peder Bergem (red): Forkynning, fellesskap, forsking : Volda lærarskule 1895-1995, Høgskulen i Volda, ISBN 8299359007

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]