Talvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Talvik
tettstad
Talvik 01.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms og Finnmark
Kommune Alta
Areal 0,41 km²
Folketal 313 (2017)
Folketettleik 763 / km²

Talvik
70°2′32″ N 22°56′59″ E
Wikimedia Commons: Talvik, Alta

Talvik (kvensk Talmulahti) er ei bygd og ein tettstad i Alta kommune, vest i Finnmark-området i Troms og Finnmark fylke, på 70. breiddegrad nord. Tettstaden ligg på vestsida av Altafjorden, få kilometer nordvest for Alta by og har 313 innbyggjarar per 1. januar 2017. Grunnkrinsen Talvik hadde 452 innbyggjarar i 2006.

Fram til 1917 var Talvik eit senter for pomorhandelen i Vest-Finnmark.

I 1920 vart det statleg finansierte «Talvik tuberkulosehjem og barnekoloni» oppretta. Heimen vart tvangsevakuert i 1944 og brunnen ned av dei tyske okkupantstyrkane. Sjukehuset vart då midlertidig oppført på Mo i Rana, på staden som i dag vert kalla Talvikparken, og pasientane vart overførte dit. Alle husa i Talvik vart sett i brann og brann ned, berre kyrkja stod att.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]