Henrik Kalteisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Henrik Kalteisen
Fødd 14. hundreåret
Koblenz
Død

2. oktober 1464
Koblenz

Yrke katolsk prest

Henrik Kalteisen (ca. 14002. oktober 1464) var ein tysk teolog som var erkebisp i Nidaros frå 1452 til 1458. Han møtte mostand frå kong Kristian I og kongskandidaten Marcellus, og fekk inga lang effektiv styringstid.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Opphavet hans er ukjent, men han var truleg frå Koblenz. Han studerte teologi ved universiteta i Wien og Köln, der han oppnådde både magister- og doktorgrad (seinast i 1430). Han gjekk inn i dominikanarordenen og var lenge inkvisitor. Seinare vart han teologisk og juridisk rådgjevar for paven, og budde då i Roma.

Kalteisen var ein lærd mann, med vide kunnskapar innan først og fremst teologi og kyrkjerett, men òg romarrett, filosofi og historie.[1] Han førte kopibøker med avskrifter av brev han fekk og utkast eller kopiar av brev han sjølv sende, difor er han rimeleg godt kjend for ettertida.

Erkebisp[endre | endre wikiteksten]

Etter at Aslak Bolt døydde i 1450, ynskte domkapittelet kanniken Olav Trondsson som erkebisp, medan kong Kristian I ville utnemna Skålholtbispen Marcellus. Denne var ikkje ynskt av kurien, og pave Nikolas V providerte 28. februar 1452 Kalteisen til erkebisp i Nidaros.

Sommaren 1452 møtte han kongen i Kjøpenhamn, og vart godteken av han. Vinteren 1452-53 var han i Bergen, og utøvde der alle funksjonar som erkebisp. Han greidde mellom anna ut ei rekkje kyrkjerettslege spørsmål og ordna dei kyrkjelege tilhøva på Island. 20. mai 1453 kom han til Trondheim og vart formelt innsett som erkebisp. Dei sparsame kjeldene tyder på at han vart vél motteken av domkapittelet, men eit par av klostra i Trøndelag ynskte ikkje å stå under han.[2]

Allereie same hausten vart Kalteisen stemnd til eit møte i Bergen med kongen og Marcellus, som no var inne i varmen att. Det vart ein lang diskusjon med skuldingar båe vegar mellom Marcellus og Kalteisen. Diskusjonen føydde seg inn i klassiske kyrkjepolitiske spørsmål om makttilhøvet mellom pavedømmet sentralt og den einskilde kyrkjeprovinsen. Enden vart at Kalteisen fekk både riksrådet og delar av domkapittelet mot seg, og gjekk med på å reisa til paven for å be seg friteken frå embetet. Årsakene som vart nemnde var at han ikkje kunne språket, hadde dårleg helse og at livsvilkåra i Noreg var uvande. Dette vart teke opp att på eit møte med det danske riksrådet i Kjøpenhamn sommaren 1454, og Kalteisen reiste deretter til Roma for å søkja avskil.

Paven ville fyrst ikkje gje han dette, og i namnet var Kalteisen erkebisp heilt til 1458; i mellomtida var han paveleg utsending i Tyskland og oppfordra til krosstog mot tyrkarane. 7. juni 1458 vart resignasjonen endeleg godkjend, og Olav Trondsson providert som ny erkebisp. Olav hadde i mellomtida styrt erkebispedømmet. I 1463 trekte Kalteisen seg attende til dominikanarklosteret i Koblenz; der døydde han 2. oktober 1464, og vart gravlagd same stad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. Bugge 1899, s. V.
  2. Hamre 1954, s. 480.