Inkvisisjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Inkvisisjonen var ein permanent institusjon i den katolske kyrkja oppretta i 1184. Han var ansvarleg for å nedkjempe kjetteriet. Namnet er eldre, og var bruka om ein romersk rettsprosedyre, inquisitio.

Fraksjonering av dei kristne kyrkjene har eksistert sidan starten på kyrkja. Den greske nemninga for kjetteri er haeresis og betyr sekt, trusretning, skole. Apostelgjerningane 15 fortel om samling av eit råd i Jerusalem for å ta hand om den jødekristne fraksjonen som skapte kløyving av kyrkjesamfunn i Litleasia, og da særleg eit område kalla Galatia Det moderne Ankara, Tyrkia sin hovudstad, ligg i dette området, jf. Paulus sitt brev til galatarane.

Etter at Konstantin I, også kalla den første kristne keisar, saman med sin medherskar Licinius, gjorde Romarriket kriste gjennom Milanediktet, for så å ta initiativ til det berømte kyrkjemøtet i Nikea (325), vart den lokale administrative strukturen i kyrkja samla i ein hierarkisk organisasjon i Roma, basert på den patriarkalsk-militaristiske romerske Mithrasordenens organisasjonsstruktur.

På kyrkjemøtet i Nikea i 325 vart den kristne trusvedkjenningslæra i vesentleg grad institusjonalisert og den katolske kyrkja økumenisert (økumeni av gresk Oikomene: verdsomspennande/det som verda eller huset består av). Ei av følgjene var den arianske kontroversen, der den såkalla arianismen (etter biskop Arius) blir erklært som vranglære. Også den egyptiske koptiske kyrkja m.fl. fall utanfor den katolske økumenien etter dette første «verdsomspennande» kristne konsilet. Arianerkjetteriet vart etter kvart utrydda, mens koptarane har overlevd, kanskje paradoksalt nok redda av islam si spreiing til Egypt på sjuhundretalet.

Det romerske imperiet opprettheldt slik evna til å nedkjempe vranglære. Dei kyrkjene som avveik tilstrekkeleg frå den romerske ortodoksien, sørgde ein for å bringe inn i folden med dei midla som var nødvendige.

Ikkje usannsynleg kjem sjølve nemninga kjettar via tysk, av katar. Katarane var ei religiøs kristen, gnostiskliknande rørsle som oppstod på 1100-talet, parallelt med riddarvesenet, trubadurane og kjærleiksdiktinga i det noverande sørlege Frankrike, den gongen hovudsakleg i Provence. Dette området var da kristendommen sine grensetrakter mot det maurisk-muslimske Spania. Det var først på bakgrunn av det albigensiske kjetteriet som det også vart kalla (etter den franske byen Albi), at Inkvisisjonen vart ei permanent ordning sett i system for å ta hand om problemet. Da Inkvisisjonen begynte på 1100-talet, trong kyrkjeråda sekulære herskarar til å forfølgje kjettarane.

Den første av inkvisisjonane i mellomalderen, kalla den episkopale inkvisisjonen, vart stifta i 1184 etter eit brev frå paven, ein såkalla paveleg bulle, kalla Ad abolendam, «til formålet å bli kvitt det». Inkvisisjonen var eit svar på katarane sitt aukande kjetteri i Sør-Frankrike. Han vart kalla episkopal fordi han vart administrert av lokale biskopar (latin episcopus). Den episkopale inkvisisjonen var av mange grunnar lite effektiv. Den pavelege inkvisisjonen i 1230-åra vart sett i verk da den episkopale inkvisisjonen feila. Han bestod av profesjonelle som var trena spesielt for å gjera jobben etter paven sine ønske. Enkeltpersonar vart valde ut frå forskjellige ordnar og blant sekulære kyrkjetenarar, men dei kom primært frå Dominikanerordenen, som hadde ei rekkje passande eigenskapar.

Etter 1200-talet spreidde inkvisisjonen seg nordover til Tyskland og Skandinavia. I Nord-Europa var inkvisisjonen monaleg mildare. I dei skandinaviske landa hadde inkvisisjonen lite å seie. I Noreg verka han aldri, og dei første hekseforfølgingane her i landet begynte først etter reformasjonen. Inkvisisjonen vart aldri etablert i England, men Christofer Columbus tok han med seg over Atlanterhavet. På slutten av 1400-talet var den spanske inkvisisjonen blitt uavhengig av Roma. Deira handtering av konverterte muslimar, jødar og illuministar er med sine offentlege avstraffingar (sjå «auto da fe») eit særleg mørkt kapittel.

Pave Paul III etablerte i 1542 ei permanent samling av kardinalar og andre med kyrkjelege embete med oppgåva "å bevare og forsvare trua sin integritet og å undersøkje og fordømme feil og falske doktrinar".