Hopp til innhald

Henry Irving

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henry Irving

Fødd6. februar 1838
FødestadKeinton Mandeville
Død13. oktober 1905 (67 år)
DødsstadBradford
FødenamnJohn Henry Brodribb
AliasHenry Irving
Aktive år1856–1905
Verka somteaterskodespelar, sceneinstruktør, teaterprodusent
MorMary Behenna
FarSamuel Brodribb
EktefelleFlorence O'Callaghan
BornHarry Brodribb Irving, Laurence Irving
Prisaræresdoktor ved Trinity College, Dublin, æresdoktor ved universitetet i Cambridge, æresdoktor ved University of Glasgow

Henry Irving (fødd John Henry Brodribb 6. februar 183813. oktober 1905) var ein britisk sceneskodespelar frå viktoriatida. Han var kjend som ein skodespelar-manager fordi han tok det fulle ansvaret (tilsyn med settet, lyssetting, regi, rollebesetjing og dessutan spele hovudrolla) sesong etter sesong ved Lyceum Theatre, som etablerte han sjølv og ensemblet hans som representative for engelsk klassisk teater. Han var den fyrste skodespelaren til å bli adla. Bram Stoker arbeidde for Irving ei tid, og skal ha brukt han som inspirasjon til tittelfiguren i romanen Dracula.[1]