Bradford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bradford

Bradford City Hall
Bradford City Hall
Plassering
Bradford is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom (3-5).svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap West Yorkshire
Distrikt City of Bradford
Grunnlagd Mellomalderen
Geografi
Flatevidd
 - By

64,4 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

301 499
  4 681,7 /km²
Koordinatar 53°48′0″N 1°45′7″WKoordinatar: 53°48′0″N 1°45′7″W
Diverse annan informasjon
Postnummer BD
Telefon-retningsnummer 01274
Nettstad: www.bradford.gov.uk
Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Bradford


Bradford [brædfəd] ligg i hjarte av City of Bradford, eit bydistrikt i West Yorkshire i Nord-England. Han ligg ved foten av Penninane, 14 km vest for Leeds og 25 km nordvest for Wakefield. Bradford vart ein kommune i 1847 og fekk bystatus i 1897.

Bradford har kring 300 000 innbyggjarar og er den 13. største byen i Storbritannia. Bradford er ein del av West Yorkshire byområde som i 2001 hadde 1,5 millionar innbyggjarar[1] og er ein del av Leeds-Bradford større byområde (LUZ), det tredje største i Storbritannia etter London og Manchester, med ein estimert folkesetnad på 2,4 millionar.[2]

Historisk var han ein del av West Riding of Yorkshire og vart viktig på 1800-talet som eit internasjonalt senter for tekstilproduksjon, særleg ull. Byen voks kraftig under den industrielle revolusjonen og av dei tidlegaste industrialiserte busetnadane. Han vart raskt «ullhovudstaden i verda».[3] I tillegg hadde område tilgang til kol, jernmalm og blautt vatn som gjorde at Bradford var eit produksjonssenter. Bradford har fin victoriansk arkitektur, mellom anna det storslåtte italianiserte rådhuset.

Tekstilindustrien i Bradford forsvann etter kvart frå midten av 1900-talet. Sidan den gong har Bradford vorte ein turistdestinasjon med attraksjonar som National Media Museum og Cartwright Hall. Bradford har likevel hatt liknande utfordringar som resten av dei post-industrielle områda i Nord-England, med deindustrialisering, bustadproblem, sosial uro og økonomiske nedgangstider.

Sidan 1950-åra har Bradford opplevd innvandring, særleg frå Mirpur i Pakistan. Bradford har den nest høgaste andelen av muslimar i England og Wales utanfor London. Det er estimert at det bur over 100 000 innbyggjarar med asiatisk opphav i byen,[4] som er kring 20,5% av innbyggjarane i byen. Dette taler er venta å auke til 28 % i 2011.[5] Bradford vert ofte omtalt som eit av dei beste døma på «parallelle samfunn», der folketalet effektivt lever fråskilde langs etniske, kulturelle og religiøse linjer.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. National Statistics (2005). «Focus on people and migration: chapter 3 The UK's major urban areas» (PDF). s. 47. Henta 8. juli 2011. 
  2. «Urban Audit - City Profiles: Leeds». Urban Audit. Henta 8. juli 2011. 
  3. «History of Bradford». visitbradford.com. Arkivert frå originalen 2008-04-15. Henta 8. juli 2011. 
  4. Neighbourhood Statistics. «Check Browser Settings». Neighbourhood.statistics.gov.uk. Arkivert frå originalen 2011-06-12. Henta 8. juli 2011. 
  5. Smithard, Tom. «Fascism and Islamism thrive in Bradford - report». Yorkshire Post. Arkivert frå originalen 2008-05-09. Henta 8. juli 2011. 
  6. «Kenan Malik's essay on the real value of diversity». kenanmalik.com. Henta 8. juli 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bradford
Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Bradford frå Wikivoyage