Herandsholmen
Utsjånad
60°20′24″N 06°20′45″E / 60.34000°N 6.34583°E
| Herandsholmen | |||
| øy | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Kommune | Ullensvang kommune | ||
| Høgaste punkt | 18 moh. | ||
| Folketal | 0 | ||
![]() Herandsholmen 60°20′27″N 6°20′47″E / 60.34089°N 6.34646°E | |||
Herandsholmen er ein holme i Ullensvang kommune i Vestland. Det smale Holmsundet, på det smalaste rundt 50 meter breitt, skil holmen frå fastlandet i Herand. Holmen er rundt 900 meter lang frå nordaust til sørvest. Han er veglaus.
Det var husmannsplass på Herandsholmen sidan iallfall midten av 1600-talet. I 1755 vart det oppretta ein gjestgjevarstad her. Landhandelen på holmen vart avvikla i 1914, då hadde gjestgjevarstaden stengt nokre år før, rundt århundreskiftet. Holmen har vore utan fast busetjing sidan 1987. Det vert no drive utleige til grupper.
Folketalsutvikling:
| 1801[1] | 1900[2] | 2000 |
|---|---|---|
| 12 | 19 | 0 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Folketeljing 1801 for Strandebarm prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Jondal herred, frå Digitalarkivet
- Gaute Losnegård, Jondal kommune - Gards- og slektssoge, bd. 1 (Jondal kommune, 2003)
