Herb Elliott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herb Elliott


Statsborgarskap Australia
Fødd 25. februar 1938 (86 år)
Perth
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1960

Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen, Australian National Living Treasure, Den australske sportsmedaljen, Hundreårsmedaljen, Athletics Australia Hall of Fame, companion av Order of Australia, Associated Press Athlete of the Year

Herbert James Elliott (fødd 25. februar 1938) er ein australsk tidlegare friidrettsutøvar frå Perth som vart olympisk meister på 1500 meter i 1960. Frå 1957 til 1961 vann samtlege tevlingar han deltok i på mellomdistansane.

Under samveldeleikane sommaren 1958 i Cardiff vann Elliott både 880 yards og 1 engelsk mile. Tidleg i august månad sette han ny verdsrekord på 1 engelsk mile med tida 3.54,5, heile 2,7 sekundar under den gamle rekorden. Tre veker seinare, den 28. august, tok han også over som verdsrekordhaldar på 1500 meter. Tida 3.36,0 var ei rekordforbetring på 2,1 sekundar i høve til den eitt år gamle verdsrekorden.

Elliot vann den olympiske gullmedaljen på 1500 m då sommarleikane 1960 fann stad i Roma. Den 6. september forbetra han i finalen sin eigen verdsrekord til 3.35,6 og slo andremann, Michel Jazy frå Frankrike, med heile 2,5 sekundar, medan István Rózsavölgyi frå Ungarn tok bronsen.

Elliott la opp friidrettsatsinga i 1962.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]