Hopp til innhald

Hereford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hereford
Henffordd
by
Land  England
Region Herefordshire
Distrikt Herefordshire
Areal 17,1 km²
Folketal 63 024 (2016)[1]
Postnummer HR1
Retningsnummer 01432
Kart
Hereford
52°03′23″N 2°42′58″W / 52.056388888889°N 2.7161111111111°W / 52.056388888889; -2.7161111111111
Wikimedia Commons: Hereford

Hereford (walisisk Henffordd) er administrasjonsbyen i grevskapet Herefordshire i det vestlege England. Han ligg ved elva Wye, kort veg frå grensa til Wales. I 1189 vart byen i eit offisielt dokument omtalt som «Hereford i Wales».

Herefordkatedralen vart reist i 1079. I katedralsbiblioteket vert Mappa Mundi oppbevart, eit verdskart frå 1200-talet.

Byen er kjent som eit handelssenter for jordbruksområda i omegnen. Viktige produkt er sider, øl, lêrvarer, kveg, metallvarer og kjemikaliar.

Eliteavdelinga til Den britiske hæren, Special Air Service (SAS), har basen sin i Hereford, i utkanten av byen.

Fram til 1. april 1998 var byen eit administrativt distrikt, først i Herefordshire til 1974 og så i Hereford og Worcester. Da Herefordshire vart gjenoppretta som grevskap i 1998 vart distriktsinndelinga fjerna, og byen vart i staden administrasjonssenter for heile Herefordshire.

Den lokale fotballklubben er Hereford United FC.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Hereford