Herman Van Rompuy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Herman Van Rompuy
Herman Van Rompuy 675.jpg
FøddHerman Achille Van Rompuy
31. oktober 1947
Etterbeek
Statsborgar avBelgia
PartiChristen Democratisch en Vlaams, Det europeiske folkeparti
Yrkepolitikar, samfunnsøkonom
InstitusjonarBelgias nasjonalbank
Utdanna vedKatholieke Universiteit Leuven
det gamle universitetet i Leuven
FarVic Van Rompuy
EktefelleGeertrui Windels
BarnPeter Van Rompuy
VervStatsminister i Belgia 2008-2009
FøregangarYves Leterme
EtterfylgjarYves Leterme

Herman Van Rompuy (fødd 31. oktober 1947) er ein belgisk, flamsk politikar for partiet Christen-Democratisch en Vlaams (Kristendemokratisk og flamsk) og EU-president. Han var statsminister i Belgia frå 30. desember 2008 til 25. november 2009. Før det var han president for underhuset i den belgiske nasjonalforsamlinga. Etter at statsministeren, Yves Leterme, leverte avskjedssøknaden sin i desember 2008 fekk partifellen Van Rompuy i oppdrag av kongen å danna ny regjering, i koalisjon med dei same partia som Leterme regjerte med: Flamske liberale og demokratar (Vlaamse Liberalen en Democraten) og dei frankofone partia Reformrørsla (Mouvement Réformateur), Sosialistpartiet (Parti Socialiste), og Demokratisk, humanistisk senter (Centre démocrate humaniste).

Van Rompuy var partileiar for partiet sitt frå 1988 til 1993 og budsjettminister frå 1993 til 1999. Frå 2007 var han president for underhuset i nasjonalforsamlinga.

Van Rompuy har lenge vore ein aktiv bloggar, og skriv mellom anna haiku-aktige dikt på bloggen sin.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]