Flandern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flandern

Flandern (nederlandsk Vlaanderen, fransk Flandre) er ein delstat i Belgia. Han grensar til Nederland, Frankrike og nabodelstatane Vallonia og Brussel.

Flandern er òg namnet på eit landskap eller område mellom Nordsjøen og elva Schelde som er delt mellom provinsen Zeeland sørvest for Schelde i Nederland, provinsane West-Vlaanderen og Oost-Vlaanderen i Belgia og ein del av departementet Nord i Frankrike. Landskapet omfattar fleire sandstrender ut mot havet, fruktbare jordbruksområde i marsklandet innanfor og område prega av livleg handel og industri. Lengre sør er terrenget meir kupert. Dei største byane i Flandern er Gent og Brugge.

Innbyggjarane i Flandern vert kalla flamlendarar. Kulturen der vert rekna som flamsk. Det same gjer språket.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Flandern vart i 864 eit markgrevskap tilknytt Frankrike. I 1384 vart området sameint med hertugdømet Burgund, men frå 1556 underlagt Spania og i 1794 igjen fransk. Belgia og Holland vart sidan samla som Nederlanda, men då belgiarane proklamerte sin eigen nøytrale stat i 1831, inngjekk det meste av Flandern i den.

Provinsar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]