Hermanus Contractus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hermanus Contractus
Hermann Reichenau Ofenkachel.jpg
Fødd 18. juli 1013
Altshausen
Død

24. september 1054
Abbey of Reichenau

Yrke komponist, matematikar, lyrikar, skribent, historikar, musikkforskar, musikkteoretikar, astrolog
Hermanus Contractus på Commons
Relikvie etter Hermanus Contractus.

Hermanus Contractus (18. juli 101324. september 1054), også kjend som Hermannus Augiensis eller Hermann frå Reichenau, var ein musikkteoretikar, komponist, matematikar og astronom frå 1000-talet.

Hermanus eller Hermannus var kalla «contractus» (den samankropne) på grunn av ein beinskade han fekk i barneåra (truleg poliomyelitt). Det meste av livet budde han i Reichenau, der han var i kloster. Han arbeidde innanfor alle dei fire Quadrivium-faga.

Hermann var son av greven Wolfrat von Altshausen. Sjukdomen han hadde frå barneåra gjorde han uskikka til praktisk arbeid, og han vart send i klosterskole. Han var i kloster frå 1020. Her fekk han vitskapleg opplæring og grunnutdanning.

Hermann har skrive musikkteori, astronomiske og matematiske utgreiingar, og ei avhandling om geometri. Han skreiv og eit historisk oversyn over tida frå Kristi byrd til hans eiga samtid. Verket hans vart vidareført av eleven Berthold av Reichenau. Verket De Musica var ei vidareføring av Guido d`Arezzo sine tankar, og han la siste hand på kyrkjetoneartsystemet. To antifonar er tilskrivne Hermann: Alma redemptoris mater, og Salve Regina.

Hermann vart saligkåra av den katolske kyrkja i 1863.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • engelsk og tysk Wikipedia.