Hermetray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hermetray
Lokalt namn: Thearnatraigh
Geografi
Hermetray is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°39′36″ N 7°2′56″ WKoordinatar: 57°39′36″ N 7°2′56″ W
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 0,72 km²

Høgaste punkt Compass Knoll (35 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane

Demografi
Folketal 0

Hermetray (skotsk-gælisk Thearnatraigh) er ei folketom øy utanfor North Uist i Ytre Hebridane i Skottland.

Måse og musvåk hekkar i klippene på øya.

Geografi og geologi[endre | endre wikiteksten]

Hermetray ligg i Sound of Harris langs the Minch. Ho ligg på sørsida av sundet, men høyrer adminsitrativt til Harris. Øya er 72 hektar stor og det høgaste punktet er Cnoc a' Chombaiste (Compass Hill) på berre 35 meter over havet. Berggrunnen består av gneis.

Martin Martin vitja øya i 1695 og skildra lyngheilandskap her.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet på øya har norrønt opphav, Hermunðrs ey, som tyder «Hermundsøya». Det er ukjend kven denne Hermund er.

Seòlaid na h-Eala, ligg sør for øya og er kalla opp etter Eala Bhàn (Den kvite svanen), ein kjend birlinn frå 1600-talet.[1]Seòlaid tyder lei eller ankringsplass..[2]

I 1841 vart det registrert åtte innbyggjarar på øya, i ein enkel familie. Øya er ikkje lenger busett. I 1921 forliste det norske skipet «Puritan» ved øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
  2. Dwelly, Edward (1911). Skotsk-gælisk ordbok.