Hertugdøma Modena og Reggio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Flagg for Hertugdømet Modena, 1830-1859

Hertugdøma Modena og Reggio, kort Hertugdømet Modena, var ein liten stat i dagens Italia som eksisterte frå 1452 til 1859, med eit avbrot mellom 1796 og 1814.

Hertugdømet blei opphavleg oppretta for Estefamilien, som styrte i Ferrara fram til 1597. I 1796 blei hertugdømet okkupert av franske revolusjonsstyrkar, og blei innlemma i Den cispadanske republikken. Den siste hertugen av Estefamilien blei herskar over tidlegare austerrikske områdee i det sørvestlege Tyskland (Breisgau) og døydde i 1803. Etter at han døydde gjekk Modena i arv til svigersonen hans, erkehertug Ferdinand av Austerrike-Este. Etter Napoleon sitt nederlag i 1814 blei sonen til Ferdinand, Frans IV, hertug av Modena. Han arva seinare også Hertugdømet Massa og Carrara frå mor si.

Habsburgarane blei kortvarig avsett både i 1831 og 1848, men raskt gjeninnsett på trona. Etter den fransk-piemontesiske krigen mot Austerrike i 1859 blei hertugen tvinga på flukt. I desember same året blei Modena slått saman med Storhertugdømet Toscana og Hertugdømet Parma til Dei sameinte sentralitalienske provinsane, som igjen blei annektert til Kongeriket Sardinia i mars 1860.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]