Hertugdømet Preussen
| Herzogtum Preußen (tysk) Prusy Książęce (pl) Hertugdømet Preussen | ||||
| Vasall av Polen fram til 1657 | ||||
| ||||
|---|---|---|---|---|
| Hovudstad | Königsberg | |||
| Religion | Protestant (Luthersk) | |||
| Styreform | Monarki | |||
| Hertug av Preussen | ||||
| - 1525—1568 | Albert I | |||
| - 1568—1618 | Albert Fredrik | |||
| Historie | ||||
| - Sekularisering | April 1525 | |||
| - Personalunion (med Brandenburg) |
27. august 1618 | |||
| - Sjølvstende | 19. september 1657 | |||
Hertugdømet Preussen (tysk Herzogtum Preußen; polsk Prusy Książęce) var eit hertugdøme oppretta i 1525 i den tidlegare Klosterstaten til Den tyske riddarordenen i den austlege delen av Preussen. Det var først ein protestantisk luthersk stat med ein dominerande tysktalande folkesetnad og ein polsk og litauisk minoritet.
Hertugdømet, som hadde hovudstad i Königsberg (Królewiec), vart arva av kurfyrstane av Brandenburg frå Huset Hohenzollern i 1618. Personalunionen vert kalla Brandenburg-Preussen fram til det fekk status som kongedøme i 1701.
Hertugdøme Preussen vart stort sett verande ein sjølvstyrt vasall under Det polsk-litauiske samveldet fram til 1657, då «Storfyrste» Fredrik Vilhelm av Brandenburg fekk full suverenitet over området etter Wehlau-traktaten, og vart fullt ut anerkjend med Oliva-traktaten (1660).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Duchy of Prussia» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juni 2008.


