Kongedømet Preussen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Königreich Preußen
Kongedømet Preussen
Våpenskjoldet til Brandenburg
 
Våpenskjold
17011918 Flag of Prussia (1918–1933).svg
 
Flag of Poland.svg
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Nasjonalsong
Preußenlied
Preussensongen
Heil dir im Siegerkranz
Hyll deg i sigerskransen
(begge uoffisielle)
Plasseringa til Preussen
Kongedømet Preussen på det største, då Det tyske keisardømet vart oppretta i 1871
Hovudstad Berlin
Språk Tysk
Styreform Monarki
Konge
 - 1701 — 1713 Frederik I (første)
 - 1888 — 1918 Vilhelm II (siste)
Statsminister
 - 1848 Adolf Heinrich von Arnim-Boitzenburg (første)
 - 1918 Maximilian av Baden (siste)
Lovgjevande forsamling Landtag
 - Overhus Herrenhaus
 - Underhus Abgeordnetenhaus
Historie
 - Oppretta 18. januar 1701
 - Fransk dominans 14. oktober 1806
 - Gjenreising 9. juni 1815
 - Konstitusjonelt monarki 5. desember 1848
 - Det tyske keisardømet 18. januar 1871
 - Avskaffa 9. november 1918
Areal
 - 1910 [2] 348 779,87 km²
Innbyggjarar
 - 1816 [1] est. 10 349 031 
 - 1871 [1] est. 24 689 000 
 - 1910 [2] est. 34 472 509 
     Folketettleik 98,8 /km²
Valuta Reichsthaler (fram til 1750)
prøyssisk thaler (1750-1857)
Vereinsthaler (1857-1871)
Goldmark (1871-1914) Papiermark (frå 1914)
1 Under Norddeutscher Bund og Det tyske keisardømet (1867-1918) var statsministeren i Preussen også tysk kanslar

Kongedømet Preussen (tysk Königreich Preußen) var eit tysk kongedøme frå 1701 til 1918 og frå 1871 den leiande staten i Det tyske keisardømet, der det nesten utgjorde to-tredjedelar av arealet til riket. Det fekk namn frå området Preussen, men maktsenteret var Brandenburg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

1701: Veksten til Brandenburg[endre | endre wikiteksten]

Fredrik Vilhelm, «Storkurfyrste» av Brandenburg-Preussen, døydde i 1688. Eigedomane hans gjekk vidare til sonen Fredrik III (1688-1701) som vart kong Fredrik I av Preussen (1701-1713). Med unntak av hertugdømet Preussen vart alle landområda til Brandenburg ein del av Det tysk-romerske riket, som på denne tida vart styrt av Habsburg. Sidan det berre var ein tysk konge i Riket godkjende keisar Leopold I at Fredrik i januar 1701 kunne få tittelen Konge av Preussen (mot at han vart med i ein allianse mot Frankrike i den spanske arvefølgjekrigen). Tittelen vart generelt akseptert under Utrechttraktaten i 1713.

1701-1740: Det unge kongedømet[endre | endre wikiteksten]

Det nye kongedømet Preussen var særs fattig og hadde enno ikkje kome seg etter øydelegginga under trettiårskrigen og områda i kongedømet var spreidd over 1200 km, frå landområda i Hertugdømet Preussen ved søraustkysten av Austersjøen til Hohenzollern i hjarte av Brandenburg, til eksklavane Kleve, Mark og Ravensberg i Rheinland. I 1708 vart om lag ein tredjedel av innbyggjarane i Hertugdømet Preussen råka av byllepest. Pesten nådde Prenzlau i august 1710, men trekte seg tilbake før han nådde hovudstaden Berlin, som berre låg 80 km unna.

Sverige sitt tap for Russland, Sachsen, Polen, Danmark–Noreg, Hannover og Preussen i Den store nordiske krigen (1700-1721) markerte slutten på den store svenske makta ved sørkysten av Austersjøen. I den prøyssisk-svenske Stockholm-traktaten i 1720 fekk Preussen ta tilbake Stettin (Szczecin) og andre område som svenskane hadde i Pommern. Hohenzollerane i Brandenburg hadde halde på retten til Hertugdømet Pommern sidan 1472. (I tillegg hadde Pommern alt vorte annektert av Brandenburg-Preussen i 1648 under Freden i Westfalen).

Tendensane som vart sett i gang av storkurfyrsten, nådde toppunktet sitt i løpet av denne perioden ettersom junkerane, grunneigararistokratane, vart ein del av den prøyssiske hæren.

1740-1760: Dei schlesiske krigane[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Dei schlesiske krigane.

I 1740 tok kong Fredrik II (Fredrik den store) over trona. Han nytta ein avtale frå 1537 (som keisar Ferdinand I forbaud), som sa at delar av Schlesien skulle gå til Brandeburg etter at Piast-dynastiet døydde ut, som påskot til å invadere Schlesien. Slik starta den austerrikske arvefølgjekrigen. Etter å ha okkupert Schlesien lovde Fredrik å verne erkehertuginne Maria Theresa av Austerrike om ho gav provinsen til han. Tilbodet vart avslått, men Austerrike stod imot fleire andre motstandarar og Fredrik klarte til å slutt å få i stand ein formell overføring med Berlintraktaten i 1742.

Til mange si overrasking klarte Austerrike å ta oppatt krigen. I 1744 invaderte Fredrik igjen for å kome hemnaksjonar i forkjøpet og for denne gong å krevje provinsen Böhmen. Han klarte det ikkje, men fransk press på Austerrike sin allierte Storbritannia førte til fleire avtalar og kompromiss som toppa seg i 1748 med Aix-la-Chapelle-traktaten som gjenoppretta freden og etterlet Preussen med det meste av Schlesien.

Austerrike var audmjuka av å måtte avstå Schlesien og arbeida for ein allianse med Frankrike og Russland («Det diplomatiske opprøret»), medan Preussen nærma seg ein avtale med Storbritannia. Då Fredrik gjorde eit førebyggande åtak med å invadere Sachsen og Böhmen i løpet av få månader i 1756-1757, starta han sjuårskrigen.

Denne krigen vart ein desperat kamp for den prøyssiske hæren og at dei i det heile tatt klarte å kjempe seg til uavgjort med det meste av Europa vitnar om Fredrik sine gode militære kunnskapar. Han stod imot Austerrike, Russland, Frankrike og Sverige samstundes, med berre Hannover (og Storbritannia som ikkje var på kontinentet) som større allierte. Fredrik klatre å hindre store invasjonar fram til oktober 1760 då den russiske hæren ein kort periode okkuperte Berlin og Königsberg. Situasjonen vart raskt verre fram til keisarinna Elisabet av Russland døydde (mirakelet i Huset Brandenburg). Då den pro-prøyssiske Peter III tok over trona letta han trykket på austfronten. Samstundes trekte Sverige seg ut av krigen.

Preussen slo den austerrikske hæren i slaget ved Burkersdorf og stolte på at britane klarte å ta franskmennene i krigen som gjekk føre seg i i koloniane. Preussen klarte så å tvinge fram ein status quo ante bellum på kontinentet. Dette stadfesta Preussen si viktige rolle i dei tyske statane og oppretta landet som ei europeisk stormakt. Fredrik som nesten tapte med Preussen levde resten av livet langt fredelegare enn han hadde gjort tidlegare.

1772, 1793, 1795: Delingane av Polen[endre | endre wikiteksten]

Brandenburg Wappen.svg
Prussiaflag small.jpg

Historia til Brandenburg og Preussen
Nordmark
før 1100-talet
Gammalprøyssarane
før 1200-talet
Markgrevskapet Brandenburg
11571618 (1806)
Ordensstaat
12241525
Hertugdømet Preussen
15251618
Det kongelege (polske) Preussen
14661772
Brandenburg-Preussen
16181701
Kongedøme i Preussen
17011772
Kongedømet Preussen
17721918
Fristaten Preussen
19181947
Brandenburg
19471952 / 1990
For meir om dette emnet, sjå Delingane av Polen.

Aust og sør for Preussen hadde Det polsk-litauiske samveldet gradvis vorte svekka gjennom 1700-talet. Fredrik frykta den auka russiske påverknad i polsk politikk og ein mogeleg ekspansjon av Det russiske keisardømet vestover. Han tok derfor del i den første delinga av Polen mellom Russland, Preussen og Austerrike i 1772 for å oppretthalde maktbalansen. Kongedømet Preussen annekterte det meste av den polske provinsen kalla Det kongelege Preussen, inkludert Ermeland. Det nye landområdet vart året etter organisert som provinsen Vest-Preussen. Det nye området knytte Aust-Preussen (området hadde tidlegare vore kjend som Hertugdømet Preussen) saman med Pommern slik at kongedømet hang i saman med dei austlegaste områda.

Etter Fredrik døydde i 1786 heldt nevøen hans Fredrik Vilhelm II fram delingane og fekk ein stor del av Vest-Polen i 1793.

I 1795 eksisterte ikkje lenger Kongedømet Polen og store område (inkludert Warszawa) sør for Aust-Preussen vart ein del av Preussen. Desse nye områda vart organisert i provinsen Neuschlesien, Sør-Preussen og Neuostpreussen.

1806-1815: Napoleonskrigane[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Napoleonskrigane.

I 1806 vart Det tysk-romerske riket oppløyst som følgje av Napoleon sin sigrar over Austerrike. Tittelen Kurfürst (kurfyrste) av Brandenburg vart meiningslaus og vart droppa. Før dette hadde Hohenzollern-regenten hatt mange titlar, frå leiar for den evangeliske kyrkja til kongen, kurfyrste, storhertug til hertug i mange regionar. Etter 1806 vart han berre Konge av Preussen.

Etter tapet til Preussen i slaget ved Jena-Auerstedt i 1806 vart kong Fredrik Vilhelm III tvunge til å flykte til Memel ein kort periode. Etter Tilsit-traktatane i 1807 mista Preussen om lag halvparten av områda sine, inkludert landområda dei fekk under den andre og tredje delinga av Polen (som no kom inn under Hertugdømet Warszawa og alle landområda vest for elva Elbe. Resten av kongedømet var okkupert av franske troppar (for Preussen sine utgifter) og kongen vart tvunge inn i ein allianse med Frankrike og inn i Kontinentalblokaden.

Etter Napoleon sitt tap i Russland braut Preussen alliansen og tok del i Den sjette koalisjonen under «Frigjeringskrigane» (Befreiungskriege) mot den franske okkupasjonen. Prøyssiske troppar under marskalk Gebhard Leberecht von Blücher medverka stort i slaget ved Waterloo i 1815 i den endelege sigeren over Napoleon.

1815: Preussen etter Napoleon[endre | endre wikiteksten]

Utvidinga til Preussen 1807-1871

Preussen sin pris for å ha medverka i sigeren over Frankrike fekk dei ved Wienerkongressen der dei fekk store delar av landområda dei hadde tapt, samt mykje meir, inkludert 40 % av Kongedømet Sachsen og mykje av Rheinland. Store delar av områda som vart annektert under den tredje delinga av Polen vart gjeve til Kongress-Polen under russisk styre.

Med desse nye landområda vart kongedømet omorganisert i ti provinsar. Det meste av kongedømet, bortsett frå provinsane Aust-Preussen, Vest-Preussen og Posen, vart ein del av Det tyske forbundet, som erstatta det avdøde tysk-romerske riket.

Som følgje av revolusjonane i 1848 vart fyrstedøma Hohenzollern-Sigmaringen og Hohenzollern-Hechingen (styrt av ei yngre grein av Huset Hohenzollern) annektert av Preussen i 1850.

1848–1871: Dei tyske sameiningskrigane[endre | endre wikiteksten]

I tiåra etter Wienerkongressen var det strid innan Det tyske forbundet om ein skulle danna ein ny samla tysk nasjon eller om ein skulle bevare den noverande samlinga av mindre tyske statar og kongedøme. Då det tyske tollsambandet (Zollverein) vart oppretta i 1834, som ekskluderte Det austerrikske keisardømet, fekk prøyssarane auka makt over medlemslanda. Etter revolusjonane i 1848 fekk kong Fredrik Vilhelm IV tilbodet om krona til eit samla Tyskland av Frankfurtparlamentet. Fredrik Vilhelm avslo tilbodet med bakgrunn i at ei revolusjonær forsamling ikkje kunne skjenke kongelege titlar. Men det var to andre årsaker til at han avslo. Om han hadde godtatt tilbodet hadde det ikkje hjelpt på den indre maktkampen mellom Austerrike og Preussen, samt at alle prøyssiske kongar (opp til og med Vilhelm I) frykta at eit tysk keisardøme ville bety slutten på sjølvstendet til Preussen innanfor dei tyske statane.

I 1848 førte handlingane til Danmark mot hertugdøma Schleswig og Holstein til den første krigen i Schleswig (1848–51) mellom Danmark og Det tyske forbundet. Danmark tapte, men Preussen vart likevel tvunge til å la Danmark få halde begge hertugdøma.

Fredrik Vilhelm kom ut med den første grunnlova til Preussen, som han sjølv hadde skrive i 1850. Ho vart tvunge på parlamentet. Dokumentet, som var moderat for si tid, men konservativ i dag, avgjorde at det skulle vere to hus i parlamentet. Underhuset, Landtag, vart vald av alle skattebetalarar, som vart delt inn i tre klassar der stemmene vart vekta etter kor mykje skatt ein hadde betalt. Kvinner og dei som ikkje betalte skatt hadde ikkje stemmerett. Dette gjorde at like over ein tredjedel av stemmegjevarane kunne velje 85 % av den lovgjevande makta. Overhuset, som seinare vart kalla Herrenhaus vart utpeikt av kongen. Han hadde framleis all makt og ministrane svarte berre til han. Som følgje av dette vart herredømet til landeigarane, Junkerane, verande slik det var, særleg i dei austlege provinsane.

I 1862 vart Otto von Bismarck utpeikt av kong Vilhelm I som statsminister av Preussen. Han ønskte å samle dei tyske statane under prøyssisk styre og førte Preussen gjennom tre krigar der dei til slutt klarte målet sitt.

Den første av desse krigane var den andre krigen i Schleswig (1864), som Preussen starta og vann med støtte frå Austerrike. Danmark tapte stort og overgav både Schleswig og Holstein til respektive Preussen og Austerrike.

Etterverknadane etter den austerriksk-prøyssiske krigen (1866)
██ Preussen ██ Prøyssiske allierte: Italia og 14 tyske statar[3] ██ Austerrike-Ungarn ██ Austerrikske allierte: 11 tyske statar[4] ██ Nøytrale statar: Liechtenstein, Limburg, Luxembourg, Reuss-Schleiz, Saxe-Weimar-Eisenach, Schwarzburg-Rudolstadt ██ Område som Preussen vann: Hannover, Schleswig-Holstein, Hessisk Hinterland, Hessen-Kassel, Nassau og Frankfurt

Den delte styringa av Schleswig og Holstein vart så den avgjerande faktoren for den austerriksk-prøyssiske krigen (1866 – òg kjend som sjuvekerskrigen), der Preussen, alliert med Kongedømet Italia og forskjellige tyske statar i nord erklærte krig mot Det austerrikske riket. Den austerriksk-styrte koalisjonen vart knust og enkelte tyske statar (kongedømet Hannover, storhertugdømet Hessen, hertugdømet Nassau og fristaden Frankfurt) vart annektert av Preussen. Dei omstridde områda Schleswig og Holstein var no under totalt prøyssisk kontroll. Med desse områda knytte Preussen områda sine i Rheinland og Westfalen i lag med resten av kongedømet. Det var i denne perioden Preussen var på sitt største i areal og strekte seg no uavbrote over den nordlege tredjedelen av Tyskland. Slik vart grensene verande fram til kongedømet vart oppløyst i 1918.

Det tyske forbundet vart oppløyst som følgje av krigen. I staden for la Preussen press på 21 statar nord for Main for å danne Det nordtyske forbundet i 1867. Preussen vart den dominerande staten i det nye forbundet med fire femtedelar av arealet og innbyggjarane. Den nesten totale kontrollen vart sementert av grunnlova skrive av Bismarck. Det administrative styret tilfall ein president, embetet vart halde av den prøyssiske kongen, ei stilling som gjekk i arv. Han vart assistert va ein kanslar som berre svarte til han. Det var òg eit parlament med to hus. Underhuset eller Reichstag (riksdag), som vart vald av alle stemmeføre menn. Overhuset, Bundesrat, vart peikt ut av statsstyra. Bundesrat hadde i praksis mest makt. Preussen hadde 17 av 43 stemmer og kunne lett kontrollere forhandlingar via alliansar med andre statar.

Dei sørlege tyske statane (bortsett frå Austerrike) vart tvunge til å akseptere militære alliansar med Preussen. Bismarck sitt planlagte Kleindeutschland, samlinga av Tyskland, var nær ved å kunne fullførast. Kong Vilhelm ønskte å krevje Austerrike også, men Bismarck klarte å få han frå denne ideen. Bismarck ønskte ikkje at Austerrike skulle spele noko rolle lenger i tyske saker, men såg at Austerrike seinare kunne verte ein viktig alliert.

Den siste handlinga var den fransk-prøyssiske krigen (1870), der Bismarck fekk keisar Napoleon III av Frankrike til å erklære krig mot Preussen. Den tyske alliansen vart kalla saman og dei slo raskt Frankrike. Denne prøyssiske sigeren gjorde det mogeleg å opprette Det tyske keisardømet og Vilhelm vart utropt til Kaiser Vilhelm I den 18. januar 1871 (170 år etter kroninga av den første prøyssiske kongen Fredrik I) i Speglsalen i Versailles utanfor Paris, medan den franske hovudstaden framleis var omleira.

1871-1918: Toppen og fallet[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Det tyske keisardømet.
Preussen i Det tysk-keisardømet 1871–1918

Bismarck sitt nye rike var ein av dei mektigaste statane på det europeiske kontinentet. Preussen hadde nesten like mykje makt over riket som det hadde hatt over Det nordtyske forbundet. Det utgjorde tre femtedelar av heile riket og hadde to tredjedelar av innbyggjarane. Keisartrona gjekk i arv i Huset Hohenzollern.

Starten på det som seinare vart problema for Preussen var den store avstanden mellom det keisarlege og det prøyssiske styresettet. Riket hadde eit system der alle menn over 25 år hadde lik stemmerett, medan Preussen heldt på det tredelte klassesystemet sitt der menn i den øvste klassen hadde 17,5 gonger så mykje stemmemakt som resten av folkesetnaden. Sidan keisaren sin kanslar, bortsett frå to periodar (januar-november 1873 og 1892-94) òg var statsminister i Preussen, måtte kongen/keisaren og statsministeren/kanslaren nesten like lenge som riket eksisterte, få fleirtal via to heilt forskjellige valsystem.

Då riket vart oppretta var om lag to tredjedelar av både Preussen og Tyskland landleg. I løpet av ein periode på 20 år var situasjonen snudd om. Byar og landsbyar utgjorde to tredjedelar av folkesetnaden. Både i kongedømet og i riket vart derimot ikkje valkretsane endra slik at den aukande folkesetnaden og påverknaden til byane vart teke omsyn til. Dette gjorde at dei landlege områda vart kraftig overrepresentert frå 1890-åra og framover.

Bismarck skjønte at resten av Europa var noko skeptisk overfor dette nye mektig Riket og byrja å fokusere på å bevare freden med handlingar som Berlinerkongressen. Det nye tyske riket forsterka dei alt gode forholda til Storbritannia. Banda mellom London og Berlin hadde alt vorte forsegla med då kronprins Fredrik Vilhelm av Tyskland gifta seg med prinsesse Victoria av Storbritannia.

Vilhelm I døydde i 1888 og kronprinsen tok over trona som Fredrik III. Den nye keisaren, ein anglofil, planla å sette til verks omfattande liberale reformer. Dessverre døydde han etter berre 99 dagar på trona og vart etterfølgd av den 29 år gamle sonen Vilhelm II. Som gut gjorde Vilhelm opprør mot foreldra sine forsøk på å gjere han liberal og vart grundig prøyssenisert under Bismarck sitt formyndarskap. Den nye keisaren fekk raskt eit dårleg forhold til dei britiske og russiske kongefamiliane (trass i at han var i nær slekt med dei), og var rivalen deira og til slutt fienden.

Vilhelm II fjerna Bismarck frå stillinga hans i 1890 og startar ein militær opprusting og eventyrlysten utanrikspolitikk som førte til at Tyskland glei inn i isolasjon. Keisaren feilvurderte kraftig konflikten mellom Austerrike-Ungarn og Serbia og reiste på ferie. Dei hurtige mobiliseringsplanane til fleire nasjonar førte til den første verdskrigen (1914–1918). Som løn for at dei trekte seg ut av krigen gav bolsjevikane tyskarane kontroll over store område vest i Det russiske keisardømet, nokre av desse grensa til Preussen, i samband med Brest-Litovsk-traktaten (1918). Den tyske kontrollen over desse områda varte berre nokre få månader på grunn av tapet til dei tyske militære styrkane og den tyske revolusjonen, som førte til at keisaren abdiserte og reiste i eksil.

Versaillestraktaten etter krigen, der Tyskland fekk skulda for krigen, vart signert i Speglsalen i Versailles, der Det tyske keisardømet vart oppretta. Då Vilhelm II abdiserte i 1918 vart Kongedømet Preussen oppløyst og erstatta av Fristaten Preussen.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Kongedømet Preussen var eit autokratisk monarki fram til dei tyske revolusjonane i 1848 då Preussen vart eit konstitusjonelt monark og Adolf Heinrich von Arnim-Boitzenburg vart vald som den første statsministeren av Preussen. Etter den første grunnlova til Preussen vart det oppretta eit parlament med to hus. Underhuset, Landtag, vart vald av alle som betalte skatt. Dette systemet vart delt i tre klassar etter kor mykje skatt ein betalte, der stemmene til rike innbyggjarar telte meir enn dei andre. Dette gjorde at ein tredjedel av veljarane kunne velje 85 % av den lovgjevande makta. Det øvre huset, som seinare vart kalla Herrenhaus vart peikt ut av kongen. Kongen hadde full utøvande makt og ministrane svarte berre til han. Det prøyssiske hemmelege politiet vart oppretta etter revolusjonane i 1848 og støtta den konservative regjeringa.

Inndelingar av Preussen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Provinsar i Preussen.
Dei ti provinsane i Kongedømet Preussen etter Wienerkongressen (1815). Dei andre medlemslanda i Det tyske forbundet er viset i beige. Kantonen Neuchâtel i sørvest var under prøyssisk styre fram til 1848

Dei opphavlege kjerneregionane i Kongedømet Preussen var markgrevskapet Brandenburg og hertugdømet Preussen som saman danna Brandenburg-Preussen. Hinterpommern hadde vore ein del av Preussen sidan 1648. Kombinert med landområde vunne frå Sverige i 1720, vart denne regionen seinare provinsen Pommern. Landområda som prøyssarane vann i dei schlesiske krigane førte til opprettinga av provinsen Schlesien i 1740.

Etter den første delinga av Polen i 1772, vart det nyleg annekterte Det kongelege Preussen og Ermeland provinsen Vest-Preussen, medan hertugdømet Preussen (i lag med delar av Ermeland) provinsen Aust-Preussen. Andre annekteringar langs elva Noteć (Netze) vart distriktet Netze. Etter den andre og tredje delinga av Polen (1793-1795) vart dei nye områda Preussen fekk til provinsen Ny-Schlesien, Sør-Preussen og Neuostpreussen, og distriktet Netze vart delt mellom Vest- og Sør-Preussen. Desse tre vart etter kvart tapt til Kongress-Polen etter Wienerkongressen i 1815, bortsett frå den vestlege delen av Sør-Preussen, som vart ein del av Storhertugdømet Posen.

Preussen vann store område i vest etter Wienerkongressen og det vart oppretta totalt ti provinsar, som igjen vart delt inn i mindre administrative regionar kalla Regierungsbezirke. Provinsane var:

Kart over dagens tyske delstatar innanfor dei gamle grensene til Kongedømet Preussen.

I 1822 vart provinsane Jülich-Kleve-Berg og Niederrhein slått saman til provinsen Rhinen. I 1829 vart provinsane Aust- og Vest-Preussen slått saman til Provinsen Preussen, men dei vart skild frå kvarandre igjen i 1878. Fyrstedøma Hohenzollern-Sigmaringen og Hohenzollern-Hechingen vart annektert i 1850 og danna provinsen Hohenzollern.

Etter Preussen sin siger i 1866 under den austerriksk-prøyssiske krigen, vart områda som vart annektert av Preussen omorganisert til tre nye provinsar: Hannover, Hessen-Nassau og Schleswig-Holstein.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]