Hervor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hervor på Samsö. Illustrasjon av Jenny Nyström frå ca. 1895.

Hervor er eit norrønt kvinnenamn sett saman av 'hær' og vor ('forsiktig'). Det har svensk namnedag den 1. april.

Den eldste bruken ein kjenner i Sverige er frå 1813.[1] Ved byrjinga av 2015 hadde totalt 308 kvinner i Sverige namnet Hervor.[2]

I syklusen om det magiske sverdet Tyrfing som blir presentert i Hervors saga og delar av Den eldre Edda er Hervor namnet til tre figurar. Den første Hervor var dotter av Angantyr. Den andre Hervor var dotter av Heidrek, sonen til den første Hervor. I tillegg er Hervor namnet på ei valkyrie som blei gift med Volund smed og blir omtalt mellom anna i Volundkvadet i Den eldre Edda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nomina, Historiska museet
  2. Søk i Statistiska centralbyråns Namndatabas