Kvinnenamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvinnenamnet Charlotte på skilt som viser at det også er eit populært stadnamn.
Foto: Ernie & Katy Newton Lawley

Kvinnenamn er personnamn som hovudsakleg blir gjevne til kvinner. Slike namn kan òg knytast til andre vesen eller ting eller for å gjera dei «kvinnelege».

Medan mange kulturar skil mellom kvinne- og mannsnamn, finst det òg ein del som ikkje gjer det (til dømes på Hawaii før amerikaniseringa.[1]). Det er også vanleg å ha ein større eller mindre del namn som kan brukast av begge kjønn.

Kvinnenamn har ein tendens til å følgja moten meir enn mannsnamn, både ved at bruken endrar seg raskt og ved at ein lettare lager nye, gjerne fantasifulle namn.[2]

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Ulike samfunn har ulike konvensjonar for korleis ein former kvinnenamn, og det finst ingen universelle reglar. Det finst likevel nokre trekk ved kvinnenamn som er vanlege mange stader i verda.

Form[endre | endre wikiteksten]

Kvinnenamn som følgjer latinske-inspirerte, europeiske tradisjonar ender ofte med -a eller -i. Mange av dei er avleidde frå mannsnamn ved å legga til ei ending, gjerne ei som tyder 'lita' (diminutiv) (som -erl, -ette, -ina, -ita).

I norrøn tid laga ein gjerne namn ved å setja saman to delar der andredelen vista kva kjønn beraren hadde. Kvinnelege namneendingar var til dømes -borg, -dis, -frid, -hild, -run og -veig.

Tyding[endre | endre wikiteksten]

Annan bruk[endre | endre wikiteksten]

På engelsk har båtar svært ofte kvinnenamn. I India har elvar nesten alltid kvinnenamn.

Sjå òg:[endre | endre wikiteksten]

  • Om etternamn jenter har brukafør dei skifta namn ved giftarmål, sjå oppvekstnamn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. John E. Reinecke: «Personal Names in Hawaii» i American Speech, Vol. 15, No. 4. (Dec., 1940), pp. 345-352.
  2. «Kvinnenavn som pynt?» Arkivert 2007-06-11 ved Wayback Machine. Nyhetstorget ved Universitetet i Tromsø og «name» (2007) i Encyclopædia Britannica. http://search.eb.com/eb/article-61169