Hiddensee

Koordinatar: 54°32′N 13°6′E / 54.533°N 13.100°E / 54.533; 13.100
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hiddensee
Eit fyr på Hiddensee
Eit fyr på Hiddensee
Geografi
Stad Austersjøen
Koordinatar 54°32′N 13°6′E / 54.533°N 13.100°E / 54.533; 13.100

Areal 19,02 km²

Høgaste punkt Dornbusch (72 moh.)

Administrasjon
Land Tyskland
Delstat
Landkreis
Mecklenburg-Vorpommern
Rügen

Demografi
Folketal 1 087 (2006)
Folketettleik 57 /km²

Hiddensee er ei bilfri øy i Austersjøen, vest for øya Rügen ved kysten av Tyskland.

Øya har like over 1 000 innbyggjarar og var ein populær feriestad for Aust-Tyskland, og er det framleis i dag. Her ligg mellom anna den ornitologiske stasjonen til Universitetet i Greifswald, medan Gerhart Hauptmann og Walter Felsenstein er gravlagd her.

Den tyske ekspressjonistiske målaren Walter Grammatté målte fleire bilete av øya. Dei heng for tida i Brücke Museum i Berlin.

Ei vandresoge under DDR-tida var at arbeidarar og bønder på øya skreiv brev til Stalin der dei kravde å verte annektert av Sverige (Hiddensee var ein del av Svensk Pommern i 1648-1815). Sjølvsagt var det ikkje noko i dette ryktet, men viser den typiske humoren folk hadde i DDR for å overleve den sosialistiske kvardagen.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hiddensee