Hopp til innhald

High Wycombe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
High Wycombe
by
High Wycombe Guildhall, i enden av High street.
Land  England
Region Buckinghamshire
Distrikt Wycombe
Folketal 120 256 (2011)[1]
Postnummer HP10-15
Retningsnummer 01494
Kart
High Wycombe
51°37′18″N 0°45′06″W / 51.621666666667°N 0.75166666666667°W / 51.621666666667; -0.75166666666667
Wikimedia Commons: High Wycombe

High Wycombe er ein by i den sørlege delen av Buckinghamshire i distriktet Wycombe i England. Byen ligg knapt 50 km nordvest for London; På Corn Market-bygnigen i sentrum av byen er avstanden på 29 miles inngravert. Byen har i overkant av 120 000 innbyggjarar. Wycombe er delvis ein industriby og marknadsby for dei omgjevande landdistrikta, og byen har hust ein marknad på High Street sidan mellomalderen. Sidan 1600-talet har industrien vore den dominerande økonomiske faktoren i byen. Folkesetnaden i Buckinghamshire er av dei rikaste i heile Storbritannia,[2] men likevel finst det i Wycombe fleire relativt fattige område.[3]

Namnet på byen er avleidd av elva Wye og det gammalengelske ordet for ein skogkledd dal, combe. Byen er første gong nemnd i historiske kjelder i 970 som Wicumun, og seinare er han nemnd i Domesday Book, på det tidspunktet hadde han seks møller. Omkring år 2 var det ein romersk villa på staden, som fleire gonger er utgraven, seinast i 1954; her vart det mellom anna funnen mosaikkar og badhus. Under den engelske borgarkrigen vart det utkjempa eit mindre slag i nærleiken av High Wycombe. Den seinare statsministeren Benjamin Disraeli budde i byen.

High Wycombe var kjend som Chepping Wycombe eller Chipping Wycombe fram til omkring 1911.[4]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: High Wycombe