Hildesvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frøya rir på Hildisvina for å vitja Hyndla. Illustrasjon frå 1895 av Lorenz Frølich.

Hildesvin (Hildisvina eller Hildisvíni) er galten til Frøya i norrøn mytologi.[1] Namnet hildisvin tyder 'kampsvin'. Han er ein magisk gris eller villsvin som har eit gullbeksel.

Hildisvin er omtalt som ridedyret til Frøya i det sjuande verset av eddadiktet Hyndluljod (Hyndlulióð, 'Hyndlas song').

Ifølgje filologen Rudolf Simek viser gullbekselet til at Hildisvina er ein parallell til Frøy sin galte Gyllenbuste, som har bust av gull.[2]

Grisen var laga av dvergane Dåin og Nabbe:

«

Dåra er du
og drøymer, Hyndla,
trur du venen fylgjer
i valferd med meg,
når det glor av galten
Gullinbuste
Hildesvinet
som hage dei to
dvergar gjorde
Dåin og Nabbe [3]

»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jan-Erik Ebbestad Hansen og Kari Møller: Norrøne myter og sagn (Gyldendal 1999), s. 152
  2. Rudolf Simek, Dictionary of Northern Mythology, 1993, s 147
  3. Hyndluljod, vers 7, til nynorsk av Ivar Mortensson-Egnund