Gris
Gris | ||
Status i verda: Husdyr | ||
Systematikk | ||
Rike: | Animalia | |
Rekkje: | Chordata | |
Klasse: | Mammalia | |
Orden: | Artiodactyla | |
Familie: | Suidae | |
Slekt: | Sus | |
Art: | S. scrofus | |
Vitskapleg namn | ||
Sus scrofa domesticus |
Gris eller tamgris (Sus scrofa domesticus) er ein underart av villsvin (Sus scrofa). Han vart domestisert parallelt i Kina og Europa for om lag 9 000 år sidan (Giuffra et al., 2000), og i dag finst det om lag 940 millionar tamgrisar. Tamgrisen er ein altetar (omnivor), noko som tyder at han et både plante- og animalsk føde.
Typar[endre | endre wikiteksten]
Grisar vert delte opp i to hovudtypar: mini-gris og landsvin
Hengebuksvin[endre | endre wikiteksten]
Hengebuksvin er svart-brun av farge, og er veldig hard og tjukk i huda. Desse er vanlege å bruke som husdyr, ettersom dei kan lærast opp til for eksempel ikkje å late vatnet inne, og er veldig folkeglade dersom dei får sjansen.
Landsvin[endre | endre wikiteksten]
Landsvin er den vanlegaste rasen, og er gjerne den rasen ein forbinder med ordet gris. Han er rosa av farge og er den mest brukte i landbruket i dag. Han er òg mjukare i huda, og har ein krøll på halen.
For å få eit saftig men magert kjøtt, så har ein for nokre år tilbake begynt å krysse inn den amerikanske rasen duroc. Durocen er brun, og har feitet lagra i kjøttet (marmorert).
Noroc[endre | endre wikiteksten]
Ein Noroc har ein far som er halvt landsvin og halvt duroc, og ei mor som er halvt landsvin og halvt yorkshire-gris. Rasen er avla fram av Gilde og Norsvin og blir berre nytta i Edelgris-produkta frå Gilde.