Hilding Köhler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hilding Köhler
Fødd1888
Tranemo
Død1982
NasjonalitetSverige
Yrkemeteorolog
InstitusjonarUppsala universitet
MedlemKungliga Vetenskapsakademien

Hilding Köhler (12. september 18881982) var ein svensk meteorolog og professor i meteorologi ved Universitetet i Uppsala frå 1936 til 1955.

Köhler arbeidde med mange felt innan meteorologien, men er mest kjend for arbeidet med turbulens i grenselaget og med kondensasjon av vassdamp i lufta. Mange av observasjonane sine utførte han då han var bestyrar av observatorietHaldde i Finnmark frå 1918 til 1926. Teorien hans om at saltinnhaldet påverkar storleiken til skydropar når det er i likevekt, framstilt i såkalla køhlerdiagram, er i dag rekna som eit av dei klassiske arbeida i meteorologien.

Han vart medlem av Det kongelege svenske vitskapsakademiet i 1947.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]