Hillel (fleirtyding)
Utsjånad
Hillel eller Hillél er eit hebraisk personnamn som mange jødiske menn har bore.
Religiøse leiarar
[endre | endre wikiteksten]- Hillel den eldre (ca 70 fvt.–10 evt.) var den høgaste av alle farisearane i tida av Det andre tempelet.
- Hillél ben Gamaliél III (200-talet) var sonen til Gamaliel III, barnebarnet til Jehudá hannasí, og broren til Jehudá Nesiah. Talmúd kallar han berre «Hillél», noko som gjer det vanskeleg å vita kven det gjeld.
- Hillél II (330–365), sonen til Jehudá III, barnebarnet til Gamaliél IV, var nasí for alle jødar i si tid.
- Hillél ben Eliakim eller Rabbénu Hillél (1100-talet) var ein gresk-jødisk rabbinar som var student til Rashi og svært lærd i Talmúd.
Andre menneske
[endre | endre wikiteksten]- Hillél ben Sjemuél (1200-talet) var ein jødisk filosof som verja Maimonides sine tankar og kritiserte Averroës og tilhengjarane hans.
- Hillel ben Shakhar var løyndenamnet til Judah Loen Landau (1866–1942), ein Sør-Afrika|sørafrikansk]] diktar.
- Hillel J. Einhorn (1941–1987) var ein amerikansk psykolog som er best kjend for teoriane sine om korleis folk tek avgjerder.
Organisasjonar
[endre | endre wikiteksten]- Hillel: The Foundation for Jewish Campus Life (Hillel: skipinga for jødisk kampusliv) er ei skiping for jødiske studentar på høgskular og universitet.