Hillesøy
Hillesøy | |||
stad | |||
Hillesøy kyrkje
Foto: M. Buschmann | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Kommune | Tromsø | ||
Postnummer | 9118 BRENSHOLMEN | ||
Innbyggjarnamn | hillesøyværing | ||
Ferdselsårer | 862 | ||
Hillesøy kommune 69°35′53″N 18°01′54″E / 69.598055555556°N 18.031666666667°E |
Hillesøy er ein kyrkjestad og tidlegare kommune i Troms. Den tidlegare kommunen er i dag delt mellom Tromsø kommune og Lenvik kommune.
Hillesøy kommune 1855 - 1964
[endre | endre wikiteksten]Hillesøy var del av Lenvik formannskapsdistrikt frå 1837. Hillesøy blei skilt ut frå Lenvik som eigen kommune i 1855 eller 1871. (Statistisk sentralbyrå si historiske oversikt over endringsr i kommune- og fylkesinndelings nemner at dette er uklart.) I 1855 hadde Hillesøy 811 innbyggere.[1]
1. januar 1964 blei Hillesøy delt i to og slått saman med andre kommunar. Området på Kvaløya og øyane nord for Hekkingen, med 1316 innbyggjarar blei slått saman med Tromsø og Tromsøysund kommunar saman med det meste av Ullsfjorden til Tromsø kommune. Området på Senja og øya Hekkingen, med 1159 innbyggjarar, blei slått saman med eit område på Senja frå Sørreisa kommune, fire gardar frå Tranøy kommune og Lenvik kommune til den nye Lenvik kommune.[1]
Folketalsutvikling
[endre | endre wikiteksten]Folketalsutvikling for tidlegare Hillesøy kommune frå 1900 til 1964:
1900[2] | 1.12.1920[3] | 1.12.1930[4] | 3.12.1946[4] | 1.1.1951[5] | 1.1.1961[5] | 1.1.1964[1] |
---|---|---|---|---|---|---|
1716 | 1973 | 2189 | 2572 | 2571 | 2479 | 2475 |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Hillesøyforeninga: Hillesøy kommune
- Turside - informasjon og bilete frå båthamna på Hillesøy
- turliv.no - informasjon og bilete fra Stokkvika, sandeldorado på sørsida av Hillesøya
- Fotnotar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
- ↑ "Hjemmehørende folkemengde Troms 1801-1960 Arkivert 2011-05-25 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 12. september 2010
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 5,0 5,1 Folkemengd i Hillesøy 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå