Himalchuli
Utsjånad
| Himalchuli | |||
| fjell | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
![]() Himalchuli 28°26′10″N 84°38′22″E / 28.436111111111°N 84.639444444444°E | |||
| Wikimedia Commons: Himalchuli | |||
Himalchuli er eit 7 893 meter over havet høgt fjell i fjellkjeda Mansiri Himal i Himalaya. Fjellet ligg sør for Manaslu, det høgste fjellet i Mansiri Himal. Himalchuli er det 18. høgste fjellet på jordklota. Det består av tre toppar: Austtoppen er høgst (7893 moh.), medan vesttoppen er 7 540 moh. og nordtoppen er 7 371 moh.
To japanske klatrarar steig til topps på Himalchuli den 24. mai 1960, som dei aller fyrste menneske.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Himalchuli» frå Wikipedia på engelsk, den 15. februar 2014.
