Manaslu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Manaslu
Manaslu frå vest

Manaslu frå vest

Høgd over havet 8 163 m
Område Nepal
Fjellområde Himalaya
Dominans 105,64 km → Dhaulagiri
Skardhøgd 3 092 mfd2
Koordinatar 28° 33′ 0″ N, 84° 34′ 0″ AKoordinatar: 28° 33′ 0″ N, 84° 34′ 0″ A
Manaslu (Nepal)
Manaslu
Førsteklatring 9. mai 1956 av Toshio Imanishi, Kiishiro Kato, Minoru Higeta og Gyaldzen Norbu
Normalrute høgfjellstur over bre
Dagens første solstrålar treffer Manaslu. Frå venstre: hovudtoppen, austtoppen.

Dagens første solstrålar treffer Manaslu. Frå venstre: hovudtoppen, austtoppen.

pd3pd5

Manaslu (nepali मनास्लु), òg kjend som Kutang) er med ei høgd på 8 163 m[1] det åttande høgste fjellet i verda. Manaslu-massivet, som òg blir kalla Mansiri Himal eller Gurkha Himal, ligg i distriktet Gorkha. Om lag 60 km mot nordvest ligg fjellmassivet Annapurna Himal og i søraustleg retning finn ein Ganesh Himal. Ngadi Chuli (7 871 m) og Himal Chuli (7 893 m) blir òg rekna til Manaslu-gruppa.[2]

Namnet Manaslu kjem frå sanskrit og tyder om lag «Sjelefjellet».

Klatrehistorikk[endre | endre wikiteksten]

Nordtoppen til venstre. Hovudtoppen er skydekt.

Manaslu var knapt utforska før starten av 1950-åra. I åra 1950 til 1955 blei det etter dei første engelske utforskingane gjennomført fire japanske ekspedisjonar med tanke på å finne moglege klatreruter. 9. mai 1956 lukkast ein japansk ekspedisjon under leiing av Yuko Maki med førsteklatringa. Ruta deira gjekk over nordaustflanken.

I 1964 var ein nederlandsk ekspedisjon dei første som fekk klatrarar på nordtoppen og 9. november 1986 førsteklatra eit lag leia av Jerzy Kukuczka austtoppen.

Den andre japanske ekspedisjonen som fekk klatrarar til topps gjekk over nordvestveggen i 1971. Året etter klatra ein tirolsk ekspedisjon sørveggen. Under nedstiginga omkom klatrarane Andi Schlick og Franz Jäger i ein snøstorm. Reinhold Messner var medlem av denne ekspedisjonen og gjennomførte 25. april 1972 den første klatringa av Manaslus hovudtopp utan medbrakt oksygen – og den tredje totalt.

I 1981 gjennomførte austerrikarane Sepp Millinger og Peter Wörgötter ei toppklatring etterfølgd av skikøyring ned – den første i sitt slag frå ein 8000 meters-topp. Nedfarten frå Manaslu høyrer til dei lengste i verda på grunn av at base camp ligg på låg høgd over havet.

Toppane på Manaslu[endre | endre wikiteksten]

Manaslu 8 163 m
Manaslu Aust 7 992 m
Manaslu Nord 6 994 m

Manaslurunden[endre | endre wikiteksten]

Vandreturen rundt Manaslu startar i Arughat Bazar (570 m) eller i Gorkha og varar i to til tre veker. Ved start i Gorkha fører ruta først over passet Rupina La (4 720 m) før den møter ruta frå Arughat gjennom Budhi Gandaki nord for landsbyen Jagat. Vidare langs Budhi Gandaki-dalen fører ruta over dei tibetprega landsbyane Lho (3 020 m), Samagaon (3 390 m) og Samdo (3 870 m), før det høgste punktet på passet Larkya La (5 135 m). Nedstiginga skjer over Bimtang og landsbyen Tilije som hovudsakleg er bebudd av Gurung-folk. I Dharapani møter ruta Annapurna Circuit og følger elva Marsyangdi nedstrøms i retning Besisahar (780 m).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Teksten er omsett frå artikkelen Manaslu på Wikipedia på tysk slik den var 1. juli 2012.