Hintere Brochkogel
Utsjånad
Hintere Brochkogel | |||
fjell | |||
Hintere Brochkogel, sett frå nordaust
| |||
Land | Austerrike | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Ötztaleralpane | ||
Høgd | 3 628 moh. | ||
Primærfaktor | 160 m | ||
Førstestiging | 1858 | ||
Koordinatar | 46°53′10″N 10°50′58″E / 46.88611°N 10.84944°E | ||
Hintere Brochkogel 46°53′10″N 10°50′59″E / 46.886111111111°N 10.849722222222°E | |||
Wikimedia Commons: Hinterer Brochkogel |
Hintere Brochkogel er eit 3 628 meter over havet høgt fjell i Ötztaleralpane i det austerrikske forbundslandet Tirol, det tredje høgste i fjellkjeda.
Toppen av fjellet er året rundt dekt av is og snø. Han har form som ei flatvoren pyramide, med markerte egger mot nord, søraust og sørvest. Breslauer Hütte er vanleg utganspunkt for dei som vil til topps på Hintere Brochkogel, eit kortare turalternativ enn til Wildspitze.
Eldste dokumenterte toppturen på fjellet fann stad 2. august 1858 og vart gjennomført av Albert Wachtler og fjellføraren hans, Leander Klotz frå landsbyen Vent.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hinterer Brochkogel» frå Wikipedia på tysk, den 24. juli 2014.