Hiroshige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hiroshige
Memorial Portrait of Hiroshige, by Kunisada.jpg
Fødd 1797
Edo
Død

12. oktober 1858
Edo

Yrke kunstmålar
Hiroshige på Commons

Ando Hiroshige, 安藤広重 (179712. oktober 1858) var ein japansk kunstmålar, særleg kjend for sine landskapsbilete i tresnitt. Han var den siste av dei store utøvarane av ukiyo-e. Hiroshige forvandla kvardagslege landskap til intime, lyriske scener som gjorde han enno meir framgangsrik enn den samtidige Hokusai.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Måneskin over Nagakubo, ca. 1840
Reker og makrellar, ca. 1834-35
Lang bru over eit vatn, ca. 1834

Hiroshige var både fødd og døydde i Edo (Tokyo). Han byrja som lærling hos målaren Utagawa Toyohiro. I 1812 tok Hiroshige namn etter læraren sin og byrja signere verka sine med Utagawa Hiroshige.

Mellom åra 1811 og 1830 skapte Hiroshige bilete med tradisjonelle motiv, til dømes unge kvinner og skodespelarar. Gjennom dei neste femten åra vart han ein berømt landskapskunstnar. Meisterverket hans, biletserien Femtitre rasteplassar til Tokaido, kom i 1833. Han heldt fram med fleire framifrå bilete i liknande stil, serien Sekstini rasteplassar til Kisokaido gav han ut i tida 1834-42.

Hiroshige og Hokusai dominerte populærkunsten i Japan i den første halvdelen av 1800-talet. Hiroshige sine arbeid var ikkje like kraftfulle eller nyskapande som Hokusai sine, men på ein poetisk og kjenslevar måte fanga Hiroshige sinnbiletet av det japanske landskapet. Han laga svært mange verk; totalt skal han ha laga rundt 5 400 bilete.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hiroshige