Hokusai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hokusai

Statsborgarskap Japan
Fødd 31. oktober 1760
Honjo, Edo
Død

10. mai 1849 (88 år)
Asakusa, Edo

Yrke kunstmålar, grafikar, tresnitt, illustratør, ukiyo-e artist, kunstnar, grafikar, grafikar, designar, bygningstegner, biletkunstnar, teiknar
Språk japansk
Ektefelle ukjend verdi, ukjend verdi
Hokusai på Commons
Japansk daglegliv.
Raud Fuji

Katsushika Hokusai (ca. 31. oktober 176010. mai 1849) japansk 葛飾北斎 Katsushika Hokusai, var ein japansk biletkunstnar og ein av dei viktigaste utøvarane av den japanske kunstforma ukiyo-e. Det best kjende verket hans er fargetresnitt frå serien Dei 36 Fuji-prospekta.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Hokusai var fødd i Honjo rett aust for Edo (dagens Tokyo) i den niande månaden i det tiande året av Horeki-perioden (oktober-november 1760). Det biologiske opphavet er ukjent, men han blei adoptert av ein handverkarfamilie. Far hans, Nakajima Issai, laga speglar for hoffet til shogunen.

Hokusai si interesse for teikning blei vakt i femårsalderen. Som attenåring hadde han noko erfaring med treskjæring og begynte i studioet til ukiyo-e-meisteren Katsugawa Shunsho. I 1779 viste han fram han sine første arbeid, nokre portrett av skodespelarar som han gav ut under namnet Shunro. På grunn av manglande respekt for prinsippa til meisteren måtte han forlata lærlingeplassen i 1785.

Hohusai reiste så rundt og bytta hyppig lærarar og skular. Han nytta meir enn 30 ulike namn og budde på om lag 90 ulike stader. Heile tida utvikla han sin kunst, og i 1782 gav han ut ei bok med eigne illustrasjonar.

Mellom 1796 og 1802 produserte Hokusai kanskje så mange som 30 000 bokillustrasjonar og andre fargetrykk. Han let seg inspirera av dagleglivet i Japan og av ulike legender.

«Den store bølgja ved Kanagawa» (frå serien Dei 36 Fuji-prospekta), no ved Metropolitan Museum of Art i New York.

Den store bølgja ved Kanagawa er truleg det best kjende verket hans. Biletet viser ei stor bølgje i ferd med å omfatta båtar og mannskap, med fjellet Fuji i bakgrunnen.

Innverknad[endre | endre wikiteksten]

Ved midten av 1800-talet hadde japanske trykk stor innverknad på vestleg kunst, og impresjonistar som Claude Monet, Edgar Degas, og Henri de Toulouse-Lautrec fann inspirasjon i japanske trykk. Kopiar av tresnitta til Hokusai hadde stor innverknad på vestleg kunst, mellom anna Vincent van Gogh og Paul Gauguin. Kunsta hans er høgare verdsett i vestleg kunst enn i Japan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kunstartikkelen som har med Japan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.