Hopp til innhald

Hiroyuki Tomita

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hiroyuki Tomita
Statsborgarskap Japan
Fødd 21. november 1980 (43 år)
Osaka
Idrett turn
Tok del i Sommar-OL 2008, Asialeikene 2002, Asialeikene 2006, Turn under Sommer-OL 2004 – Skranke menn
Utmerkingar Æresmedalje med lilla band

Hiroyuki Tomita (fødd 21. november 1980) er ein japansk tidlegare turnar frå Osaka. Han vart verdsmeister 2005 i mangekamp og vann gullmedalje med Japans mannskap under dei olympiske leikane i Athen i 2004.

Tomita gjekk til topps i skranke-øvinga under asialeikane 2002. Året etter vart han tredjemann i mangekampen ved Turn-VM 2003 i Anaheim, fekk også bronse i lagtevlinga. Saman med fem lagkameratar tok han gull under Sommar-OL 2004 i Athen, individuelt vann han sølvmedaljen i skranke. Tomitas største prestasjon var sigeren i mangekampen i Turn-VM 2005 i Melbourne. Eitt år seinare, ved verdsmeisterskapen i Århus, kom han på sølvplass i mangekampen og i skranke, og fekk bronse med Japan sitt lag. På tampen av 2006 vann han bøylehest under asialeikane i Doha. Tomita og Japan sikra seg sølvmedaljar i lagtevlinga i så vel Turn-VM 2007 som Sommar-OL 2008.