Doha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 25°17′12″N 51°32′0″E
Doha
الدوح, ad-Dawḥa
by og kommune
none  Med klokka frå toppen: Qatar universitet, Musem for islamsk kunst, Doha, Souq Waqif, The Pearl
Land Flag of Qatar.svg Qatar
Municipality Ad Dawhah
Koordinatar 25°17′12″N 51°32′0″E
Areal 132 km²
Folketal 900 545 (2014) [1]
Folketettleik 6 822 / km²
Grunnlagd 1825
Kart over kommunen Doha i Qatar.
Kart over kommunen Doha i Qatar.
Wikimedia Commons: Doha

Doha (arabisk الدوحة, ad-Dawḥa eller ad-Dōḥa) er hovudstad og den mest folkerike Qatar. Doha har kring 900 000 innbyggjarar i sjølve byen.[1] Byen ligg på kysten av Persiabukta, aust i landet og er den raskast veksande byen i Qatar. Over 60 % av innbyggjaran ei landet bur i Doha eller forstadane kring byen, og er det økonomiske senteret i landet. Han utgjer ein av kommunane i Qatar.

Doha vart grunnlagd i 1820-åra som ein avstikkar av Al Bidda. Han vart offisielt erklært hovudstaden i landet i 1971, då Qatar fekk sjølvstendet sitt.[2] Som den kommersielle hovudstaden i Qatar og ein av dei store finanssentera i Midtausten, vert Doha rekna som ein verdsby av Globalization and World Cities Research Network. Education City, eit område tileigna forsking og utdanning, ligg i Doha.

Byen har vore vertsby for mange idrettsarrangement, som Asialeikane i 2006, Dei panarabiske leikane i 2011 og dei fleste kampane i Asiacupen i 2011. I desember 2011 heldt World Petroleum Council det 20. konferansen sin i Doha.[3] I tillegg skal byen ha fleire kampar under fotball-VM i 2022.

Namnesoge[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Doha» kan ha kome frå det arabiske Ad-Dawḥa, «det store treet».[4] Dette kan vise til eit markant tre som stod på staden der den opphavlege fiskelandsbyen låg, på austkysten av Qatarhalvøya. Alternativt kand et kome frå «dohat» — arabisk for bukt - og syne til Dohabukta kring cornichen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete av Doha.

Grunnlegginga av Al Bidda[endre | endre wikiteksten]

Doha vart grunnlagd då staden vart skild frå ein annan lokal busetnad kalla Al Bidda. Dei tidlegaste skriftlege kjeldene med Al Bidda er frå 1681, av Karmelittarklosteret, i eit dokument som omhandlar fleire busetjingar i Qatar. I dokumentet vert det nemnt ein herskar og eit fort i Al Bidda.[5][6] Carsten Niebuhr, ein europeisk reisande som vitja Den arabiske halvøya, laga eit av dei første karta som viste buetjinga i 1765, der han vart kalla 'Guttur'.[5][7]

David Seaton, ein britisk politisk innbyggjar i Flugat, skreiv den første engelskspråklege kjelda om Al Bidda i 1801. Han kalla byen 'Bedih' og skildra geografien og forsvarsverka i området.[8] Han skreiv at byen nyleg hadde blitt busett av den sudanske stamma Al-Suwaidi, som han rekna som sjørøvarar. Seaton prøvde å bombardere byen med krigsskipet sitt, men vendte attende til Flugat då han fann ut at farvatnet var for grunt til at krigsskipet hans kunne kome nærare.[9][10]

I 1820 vitja den britiske landmålaren R.H. Colebrook Al Bidda, og skreiv at byen nyleg var blitt avfolka. Han skreiv:[9][11] Mal:Quotation

Same året vart ein maritim avtale signert mellom Det britiske austindiske kompaniet og sjeikane i fleire busetjingar i Persiabukta (og somme av desse vart seinare kjend som Traktatkysten). Avtalen anerkjende britisk styre i Persiabukta og prøvde å få ein slutt på sjørøververksemda og slavehandelen. Bahrain vat ein del av avtalen, og ein trur at Qatar, som av britane vart rekna som ein koloni under Bahrain, var ein del av avtalen.[12] Qatar vart derimot ikkje beden om å heise Traktatflagget.[13] Som straff for at innbyggjarane i Al Bidda vart skulda for å ha delteke i sjørøververksemd, bombarderte eit fartøy frå Det britiske austindiske kompaniet byen i 1821. Dei raserte byen og tvang mellom 300 og 400 innbyggjarar på flykt, og dei måtte for ei stund søke ly på øyane mellom Qatar og Traktatkysten.[14]

Danninga av Doha[endre | endre wikiteksten]

Doha vart grunnlagd nær Al Bidda ein gong i 1820-åra.[15] I januar 1823 vitja den politiske innbyggjarane John MacLeod Al Bidda for å møte herskaren og grunnleggjaren av Doha, Buhur bin Jubrun, som òg var høvding i Al-Buainain-stamma.[15][16] MacLeod skreiv at Al Bidda var den einaste større kjøpstaden på halvøya på den tida. Etter Doha vart grunnlagd, blanda dei skriftlege kjeldene ofte Al Bidda og Doha, sidan dei låg så nær kvarandre.[15] Seinare et året kartla og skildra løytnant Guy og løytnant Brucks dei to busetjingane. Trass i at dei vart kartlagd som to forskjellige busetjingar, vart dei begge kalla Al Bidda i dokumenta.[17][18]

Trigonometrisk planteikning av Al Bidda i 1823.
Trigonometrisk planteikning av Al Bidda i 1823.

I 1828 var Muhammed bin Khamis, eit viktig medlem av Al-Buainain-stamma og etterkomaren til Buhur bin Jubrun som høvding i Al Bidda, innvikla i kontroversar. Han hadde myrda ein mann frå Bahrain, og Al Khalifa-sjeiken sette han i fengsel. Som svar gjorde Al-Buainain-stamma opprør, slik at Al Khalifa øydela fortet til stamma og dreiv dei bort til Fuwayrit og Ar Ru'ays. Denne hendinga let Al Khalifa få styre over byen.[19][20] Sidan Al Bidda og Doha i røynda ikkje hadde ein leiar, vart staden ein tilfluktsstad for sjørøvarar og lovlause.[21]

I november 1839 søkte ein lovlaus frå Abu Dhabi kalla Ghuleta tilflukt i Al Bidda, og dette skapte eit kraftig reaksjon hos britane. A.H. Nott, ein britisk marinekaptein, kravde at Salemin bin Nasir Al-Suwaidi, høvdingen for Sudan-stamma i Al Bidda, tok Ghuleta til fange og åtvara han om konsekvensane om han ikkje følgde kravet. Al-Suwaidi gjorde som britane bad om i februar 1840 og arresterte òg sjørøvaren Jasim bin Jabir og kompanjongane hans. Trass i at dei gjorde som dei fekk beskjed om, gav britane dei ei bot på 300 tyske kroner som kompensasjon for skadane som sjørøvarane hadde gjort ved kysten av Al Bidda. I februar 1841 kom ein britisk marineskvadron til Al Bidda og gav Al-Suwaidi ordre om å oppfylle det britiske kravet, og truga med at det kom til å få konsekvensar om han avslo. Al-Suwaidi avslo til slutt fordi han meinte han ikkje var involvert i handlingane til bin Jabir. Den 26. februar lausna britane eld mot Al Bidda, og råka eit fort og fleire hus. Al-Suwaidi betalte så bota etter britane truga med ytterlegare handlingar.[21][22]

Isa bin Tarif, ein mektig stammehøvding frå Al Bin Ali-stamma, flytta til Doha i mai 1843. Han kasta så ut den regjerande Sudan-stamma og sette inn stammene Al-Maadeed og Al-Kuwari i maktstillingane.[23] Bin Tarif hadde vore lojale til Al Khalifa, men kort tid etter at det vart sett inn ein ny herskar i Bahrain, vart bin Tarif stadig meir mistenksam mot dei regjerande Al Khalifa og byta truskap til den avsette herskaren i Bahrain, Abdullah bin Khalifa, som han tidlegare hadde vore med på å styrte. Bin Tarif døydde i slaget ved Fuwayrit mot den regjerande familien i Bahrain i 1847.[23]

Al Thani[endre | endre wikiteksten]

Al Thani flytta til Doha frå Fuwayrit kort tid etter Bin Tarif døydde i 1847, leia av Muhammed bin Thani.[24][25] Dei neste åra tok Al Thani kontroll over byen. Til forskjellige tider byta dei truskap mellom dei to rådande maktene i området: Al Khalifa og saudiarbarane.[24]

I 1867 vart det sendt mange skip og soldatar frå Bahrain for å angripe byane Al Wakrah og Doha etter ei rekkje stridar. Abu Dhabi slo seg saman med Bahrain fordi dei meinte Al Wakrah var tilfluktsstad for flyktningar frå Oman. Seinare på året plyndra desse styrkane dei to qatarske byane med 2 000 mann i det som seinare er blitt kalla den qatarsk-bahrainske krigen.[26][27] Britiske dokument sa seinare: «at byane Doha og Wakrah vart, mot slutten av 1867, mellombels utsletta, husa rivne ned og innbyggjarane deporterte»".[28]

Doha i januar 1904.

Det samla åtaket frå Bahrain og Abu Dhabi og påfølgjande motåtak frå Qatar fekk den britiske politiske agenten, oberst Lewis Pelly, til å tvinge fram ein fredsavtale i 1868. Oppdraget til Pelly til Bahrain og Qatar og fredsavtalen som følgde, vert rekna som milepålar i den qatarske historia. Dette anerkjende implisitt at Qatar var fråskild Bahrain og eksplisitt stillinga til Muhammed bin Thani som ein viktig representant for stammene på halvøya.[29]

Doha i 1908

Kort tid etter krigen, tok osmanarane nominell kontroll over landet, og bygde ein base i Doha, etter samtykke frå Jassim Al Thani som ønskte å forsterke kontrollen sin over området. Før dette var Dohan ein skanse for beduinsoldatar som motsette seg det osmanske styret.[30] I desember 1871 gav Jassim Al Thani osmanarane løyve til å sende 100 soldatar og utstyr til Al Bidda.[31]

Usemje om skattar og innblanding i interne saker førte til slutt til slaget ved Al Wajbah i mars 1893. Al Bidda fort var den siste staden dei osmanske soldatane trekte seg attende til. Medan dei var i garnison i fortet, avfyrte korvetten deira eld mot byen, og tok livet av fleire sivile.[32] Osmanarane måtte til slutt overgje seg etter soldatane til Jassim Al Thani stoppa vassforsyninga til byen.[33] Ein osmansk rapport som vart kom same året sa at Al Bidda og Doha i lag hadde kring 6 000 innbyggjarar, og kalla begge byane for 'Katar'. Doha vart klassifisert som den austlege delen av Katar.[34][35] Osmanarane heldt ei passiv rolle i qatarsk politikk frå 1890-åra og frametter, før dei mista kontrollen over området under fyrste verdskrigen.[12]

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Ein gammal bydel i Doha.

Perledykking vart ein viktig industri i Doha på 1900-talet. Folketalet auka til kring 12 000 innbyggjarar på første halvdel av 1900-talet på grunn av den blømande perlehandelen.[36] Ein britisk, politisk innbyggjar skreiv at om perlesalet skulle svikte, så kom Qatar «i røynda til å forsvinne».[37] I 1907 hadde byen 350 perlebåtar med eit samla mannskap på 6300 mann. På denne tida hadde snittprisen på perler meir enn dobla segg sidan 1877.[38] Perlemarknaden kollapsa det året, og tvang Jassim Al Thani til å selje perleinnhaustinga det året for halv verdi. Etterverknaden av kollapsen førte til at den første tollbua i landet vart oppretta i Doha.[37]

I april 1913 gjekk osmanarane med på britane sitt krav om å trekkje attende alle soldatane sine frå Qatar. I august 1915 vart det osmanske fortet i Al Bidda evakuert kort tid etter starten av fyrste verdskrigen.[39] Eit år seinare gjekk Qatar med på å bli eit britisk proktektorat med Doha som den offisielle hovudstaden.[40][41]

Bygningane på denne tida var enkle bustader med eitt eller to rom, bygde av leire, stein og korall. Oljekonsesjonar i 1920- og 1930-ra, og den første oljeboringa i 1939, var starten på ein langsam økonomisk og samfunnsmessig utvikling i landet. Men inntektene gjekk noko ned fordi perlehandelen i bukta forsvann då kulturperlene vart funnen opp og på grunn av den store depresjonen.[42] Kollapsen til perlehandelen førte til eit kraftig fall i folketalet gjennom heile landet.[36] Det var ikkje før i 1950- og 1960-åra at landet igjen fekk store inntekter, denne gongen frå olja.[12]

Doha i 1980-åra.

Det tok ikkje lang tid før Qatar utnytta den nye rikdomen frå oljekonsesjonane, og slumområda vart raskt fjerna og erstatta av meir moderne bygg. Dei første formelle guteskulane vart grunnlagde i Doha i 1952, og tre år seinare kom dei første jenteskulane.[43] Historisk sett hadde Doha vore ei lokal handelshamn. Det grunne vatnet i bukta hindra større skip frå å nå hamna før 1970-åra, då det vart bygde ei djupvasshamn. Fleire endringar følgde med omfattande landvinning, som førte til utviklinga av den halvmåneforma bukta.[44] Frå 1950- til 1970-åra voks folketalet i Doha frå kring 14 000 innbyggjarar til over 83 000, der utanlendingar utgjorde to tredjedelar av det samla folketalet.[45]

Etter sjølvstendet[endre | endre wikiteksten]

Qatar vart offisielt sjølvstendig i 1971, og Doha vart hovudstaden i landet.[2] I 1973 opna Universitetet i Qatar etter ein resolusjon frå emiren,[46] og i 1975 vart Qatar nasjonalmuseum oopna i det som tidlegare var palasset til herskaren.[47] I 1970-åra vart alle dei gamle bydelane i Doha jamna med jorda og innbyggjarane flytta inn i nye forstader, som Al Rayyan, Madinat Khalifa og Al Gharafa. Folketalet i storbyområdet voks frå 89 000 i 1970-åra til over 434 000 i 1997. I tillegg førte landvinninga til at det samla landområdet auka til over 7 100 mål i 1995, ein auke frå 130 mål på midten av 1900-talet.[48]

Nyare utvikling i Doha.

I 1983 vart det utvikla eit hotell- og konferansesenter i nordenden av cornichen. Det 15 etasjar høge Sheraton hotel i sentrum av området var den høgaste bygningen i Doha fram til 1990-åra.[48] I 1993 vart Qatar Open det første store idrettsarrangementet i byen.[49] To år seinare var Qatar vertsland for ungdomsfotball-VM i 1995 og alle kampane vart spelte i Doha.[50]

Den arabiske nyhendekanalen Al Jazeera byrja sendingane frå Doha i 1996.[51] Seint i 1990-åra planla regjeringa bygginga av Education City, eit 2500 ml stort kompleks for utdanningsinstitusjonar i Doha.[52] Frå byrjinga av 2000-talet har Doha vore mykje i media som vertsby for fleire globale hendingar og store byggprosjekt.[53] Doha var vertsby for Asialeikane i 2006, og eit 250 mål stort idrettsanlegg, kalla Aspire Zone, vart utbygd.[49] På denne tida vart det bygd nye kulturattraksjonar i byen, og dei eldre vart restaurert. I 2006 sette regjeringa gang eit restaureringsprosjekt av Souq Waqif. Delar som var bygde etter 1950-åra vart øydelagd, medan dei eldre vart restaurerte. Dette stod ferdig i 2008.[54] Katara kulturlandsby opna i byen i 2010, og har vore vertskap for Doha Tribeca filmfestival sidan då.[55]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Doha ligg sentralt og aust i Qatar, ved Persiabukta. Han grensar til Al Wakrah kommune i sør, Al Rayyan kommune i vest, Al Daayen kommune i nord og Umm Salal kommune i nordwest. Høgda er 10 meter over havet.[56] Doha er særs urbanisert. Landvinning av kysten har lagt til 400 mål med land og 30 km med kystlinje.[57] Halvparten av det 22 km² store arealet som Hamad internasjonale lufthamn ligg på, er på gjenvunne land.[58] Geologien i Doha består hovudsakleg av forvitra diskordans over Dammam-formasjonen frå eocen, av dolomittisk kalkstein.[59]

The Pearl, ei menneskeskapt øy utafor kysten av Doha.

The Pearl er ei kunstig øy i Doha med ei flate på nesten 4 km².[60] Det totale prosjektet har ein estimert pris på 15 milliardar dollar når det er ferdig.[61] Andre øyar utafor kysten av Doha er Palm Tree Island, Shrao, Al Safia og Alia.[62]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Doha har eit varmt ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering BWh). Sommare er særs lang, frå mai til september, når temperaturen i snitt er over 38 ºC og ofte opp mot 45ºC. Råma er vanlegvis lågast i mai og juni. Doggpunkttemperaturen kan ofte stige over 25 ºC om sommaren. Gjennom sommaren er det neste ingen nedbør i det heile i byen, og mindre enn 20 mm kjem dei andre måandane.[63] Her kjem lite regn, kring 75 mm i året, som kjem på isolerte dagar mellom oktober og mars. Vintrane er varme og temperaturen går sjeldan under 7 ºC.[64]

Klimadata for Doha
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 31.2 36.0 39.0 46.0 47.7 49.0 48.2 48.0 45.5 43.4 38.0 32.2 49,0
Normal maks. temp. °C 21.7 23.0 26.8 31.9 38.2 41.2 41.5 40.7 38.6 35.2 29.5 24.1 32,7
Døgnmiddeltemp. °C 17.0 17.9 21.2 25.7 31.0 33.9 34.7 34.3 32.2 28.9 24.2 19.2 26,7
Normal min. temp. °C 12.8 13.7 16.7 20.6 25.0 27.7 29.1 28.9 26.5 23.4 19.5 15.0 21,6
Kulderekord °C 3.8 5.0 8.2 10.5 15.2 21.0 23.5 22.4 20.3 16.6 11.8 6.4 3,8
Nedbør (mm) 13.2 17.1 16.1 8.7 3.6 0.0 0.0 0.0 0.0 1.1 3.3 12.1 75,2
relativ fukt 71 70 63 52 44 41 49 55 62 63 66 71 59
Normale månadlege solskinstimar 244.9 224.0 241.8 273.0 325.5 342.0 325.5 328.6 306.0 303.8 276.0 241.8 3 432,9
Kjelde: NOAA (1962-1992) [64]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Historisk folketal
År Innb.   ±%  
1820[9] 250 —    
1893[35] 6 000 +2300.0%
1970[65] 80 000 +1233.3%
1986[2] 217 294 +171.6%
2001[66] 299 300 +37.7%
2004[2] 339 847 +13.5%
2005[67][68] 400 051 +17.7%
2010[69] 796 947 +99.2%

Ein stor del av innbyggjarane i Qatar bur i Doha og storbyområdet kring. Bydelane med høagste folketettleik er sentrumsområdet Al Najada, med den høgaste folketettleiken i landet. Folketettleiken i Stor-Doha varierer frå 20 000 menneske per km² til 25 menneske per km².[70]

Den følgjande tabellen syner det samla folketalet i Stor-Doha.[71]

År Folketal
1997 434 000[48]
2004 644 000[72]
2008 998 651[73]

Folkesetnad og språk[endre | endre wikiteksten]

Folkesetnaden i Doha er i stor grad utlendingar, og dei qatarske nasjonale er ein minoritet. Den største delen av utlendingane i Qatar kjem frå Søraust- og Sør-Asia, som India, Pakistan, Sri Lanka, Nepal, Filippinane, Bangladesh og Indonesia, men mange kjem òg frå dei arabiske landa, Nord-Afrika og Aust-Asia. Doha er òg heimstaden til mange utanlandske arbeidarar frå Europa, Nord-America, Sør-Afrika og Australia.[74]

Tospråkleg trafikkskilt i Doha.

Arabisk er det offisielle språket i Qatar. Engelsk vert ofte brukt som andrespråk,[75] og i aukande grad fellesspråk, særleg innan handel.[76] Sidan det finst mange utlendingar i Doha, vert det òg tala mykje tagalog, spansk, fransk og hindi.[74]

Religion[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste innbyggjarane i Doha er muslimar.[77] medan katolikkane utgjer over 90 % av dei 150 000 kristne i Doha.[78] Etter emiren sende resolusjonar som tildelte land for bygging av kyrkjer, vart den første katolske kyrkja opna i Doha i mars 2008.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Kart over kommunar i Qatar.

I følgje Kommunaldepartementet,[79] var Qatar kommune den første kommunen som vart grunnlagd i 1963. Seinare på året vart namnet endra til Doha kommune. The country has been divided into seven municipalities sidan 2006.[80] Doha er den mest folkerike kommunen i landet med eit folketal på 796 947 i 2010.[1]

Bydelar[endre | endre wikiteksten]

Det finst meir enn 60 bydelar i Doha kommune.[1] Somme av bydelane i Doha er:

)

}}

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Handelsdistriktet i Doha.

Doha er det økonomiske senteret i Qatar. Byen er hovudkvarteret for mange nasjonale og internasjonale organisasjonar, mellom anna dei største olje- og gassføretaka i landet, Qatar Petroleum, Qatargas og RasGas. Økonomien i Doha er i hovudsak bygd på inntektene frå petroleumsindustrien.[81]

Doha internasjonale lufthamn vart bygd for å auke turistindustrien i byen.[81] Denne vart erstatta av Hamad internasjonale lufthamn i 2014. Den nye flyplassen er ensten dobbel så stor som den førre, og har to av dei lengste rullebanane i verda.[82]

På grunn av rask folkevekst og stor etterspurnad etter bustader, har bustadprisane auka kraftig.[83] Det er venta at bustadprisane i Qatar vil fortsette å auke fram mot fotball-VM i 2022.[84]

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Musem for islamsk kunst i West Bay i Doha.

Den mest tradisjonelle arkitekturen i Gamle Doba er blitt øydelagd for å gje plass til nye byggverk.[85] Det er derfor gjort mykje dei seinare åra for å bevare kultur- og arkitektarva i byen.[86] Katara kulturlandsby er ein liten landsby i Doha oppretta av sjeik Tamim Al Thani for å bevare kulturidentiteten i landet.[87]

Doha nær Doha-cornichen.

I 2011var meir enn 50 skyskraparar under bygging i Doha,[88] og det største var Doha Convention Center Tower.[89] Bygginga vart stoppa i 2012 då ein var uroa over at tårnet kunne hindre flytrafikken.[90]

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Sidan 2004 er det gjort enorme forbetringar i transportnettverket i Doha, mellom anna nye motorvegar, opninga av ein ny flyplass i 2014, og for tida bygginga av eit 85 km langt metrosystem. Dette har kome som følgje av ein massiv vekst i Doha i løpet av kort tid, som har ført til store trafikkproblem. Den første fasen av metroutbygginga er venta å vere i drift i 2019.[91]

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Education City

Doha er utdanningssenteret i landet og har flest skular og høgskular.[65] I 1952 vart den første formelle guteskulen opna i Doha. Tre år seinare kom den første jenteskulen.[92] Det første universitetet i landet, Qatar universitet, vart opna i 1973.[93] Dette har fråskilde fakultet for både kvinner og menn.[94]

Bygginga av Education City, eit 14 km² stort utdanningskompleks utbygd av den ideelle organisasjonen Qatar Foundation, starta i 2000.[95] Dette husar åtte universitet, dei beste høgskulane i landet og kontora til Al Jazeera sin barnekanal.[95]

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Fotball[endre | endre wikiteksten]

Fotball er den mest populære idretten i Doha. Det finst seks fotballklubbar i Doha i den qatarske ligane. Desse er Al Ahli, Al Arabi, Al Sadd, El Jaish, Lekhwiya og Qatar SC.[96] Al Sadd, Al Arabi og Qatar SC er dei tre mest suksessrike laga i historien til ligaen.[97]

Det er blitt halde fleire fotballturneringar i Doha. Dei viktigaste har våre Asia-cupen i 1988 og 2011[98] og ungdoms-VM i fotball i 1995.[50]

I desember 2010 vann Qatar rettane til å få halde fotball-VM 2022.[99] Tre av ni nye stadion skal byggast ut i Doha, inkludert Sports City Stadium, Doha hamn stadion og Qatar universitet stadion. I tillegg skal Khalifa internasjonale stadion utvidast.[100]

Anna idrett[endre | endre wikiteksten]

I 2001 vart Qatar det første landet i Midtausten som heldt ei tennisturnering for kvinner.[101]).

Båtløp i Dohabukta.

Doha var vertsby for Asialeikane i 2006.[102]

Byen søkte om å få halde sommar-OL i 2016 og[103] sommar-OL 2020.[104]

MotoGP har løp kvart år i Doha ved Losail International Circuit, like utafor byen.[105] F1 Powerboat-VM har òg kvart år eit løp kring Dohabukta.[106]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Census 2010». Qatar Statistics Authority. 2010. Arkivert frå originalen den 9. juli 2013. http://www.qsa.gov.qa/QatarCensus/Populations.aspx. Henta 2013-07-25. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Encyclopædia Britannica. «Doha – Britannica Online Encyclopedia». Britannica.com. http://www.britannica.com/EBchecked/topic/168027/Doha. Henta 24. januar 2017. 
  3. «Welcome to the 20th World Petroleum Congress». 20wpc.com. http://www.20wpc.com/. Henta 23. januar 2017. 
  4. Graham, Helga. Arabian time machine: self-portrait of an oil state. William Heinemann Ltd. s. 26. ISBN 978-0434303502. Arkivert frå originalen.. https://books.google.com/books?id=2PsbAAAAMAAJ. «The word Doha itself is said to mean 'the place of the big tree', as eloquent a comment as any on the sparsity of the vegetation in Qatar, indeed throughout the Gulf generally, in former times.» 
  5. 5,0 5,1 «Historical references to Doha and Bidda before 1850». The Origins of Doha Project. p. 1. https://originsofdoha.files.wordpress.com/2015/03/a-history-of-doha-and-bidda1.pdf. Henta 23. januar 2017. 
  6. Billecocq, Xavier Beguin. Le Qatar et les Français: cinq siècles de récits de voyage et de textes d'érudition. Collection Relations Internationales & Culture. ISBN 9782915273007. 
  7. Rahman, Habibur. The Emergence Of Qatar. Routledge. s. 34. ISBN 978-0710312136. 
  8. Carter, Robert. «Origins of Doha Season 1 Archive Report». academia.edu. p. 11. http://www.academia.edu/5144073/Origins_of_Doha_Season_1_Archive_Report. Henta 23. januar 2017. 
  9. 9,0 9,1 9,2 «Historical references to Doha and Bidda before 1850». The Origins of Doha Project. p. 2. https://originsofdoha.files.wordpress.com/2015/03/a-history-of-doha-and-bidda1.pdf. Henta 23. januar 2017. 
  10. Al-Qasimi, Sultan Muhammed. The journals of David Seton in the Gulf 1800-1809. Exeter University Press. 
  11. H. Rahman (2006), s. 36.
  12. 12,0 12,1 12,2 Toth, Anthony. «Qatar: Historical Background.» A Country Study: Qatar (Helen Chapin Metz, editor). Library of Congress Federal Research Division (January 1993). Denne artikkelen inneheld tekst frå denne kjelda, som er i offentleg eige.
  13. «Historical references to Doha and Bidda before 1850». The Origins of Doha Project. p. 3. https://originsofdoha.files.wordpress.com/2015/03/a-history-of-doha-and-bidda1.pdf. Henta 23. januar 2017. 
  14. «'Gazetteer of Gulf of Persia. Vol I. Historical. Part IA & IB. J G Lorimer. 1915' [793 (948/1782)»]. qdl.qa. http://www.qdl.qa/en/archive/81055/vdc_100023575945.0x000095. Henta 23. januar 2017. 
  15. 15,0 15,1 15,2 «Historical references to Doha and Bidda before 1850». The Origins of Doha Project. p. 4. https://originsofdoha.files.wordpress.com/2015/03/a-history-of-doha-and-bidda1.pdf. Henta 23. januar 2017. 
  16. H. Rahman (2006), s. 63.
  17. «Historical references to Doha and Bidda before 1850». The Origins of Doha Project. p. 5. https://originsofdoha.files.wordpress.com/2015/03/a-history-of-doha-and-bidda1.pdf. Henta 23. januar 2017. 
  18. Brucks, G.B.. Memoir descriptive of the Navigation of the Gulf of Persia in R.H. Thomas (ed) Selections from the records of the Bombay Government No XXIV (1829). New York: Oleander press. 
  19. Zahlan, Rosemarie Said. The creation of Qatar (print utg.). Barnes & Noble Books. s. 33. ISBN 978-0064979658. 
  20. «'Gazetteer of Gulf of Persia. Vol I. Historical. Part IA & IB. J G Lorimer. 1915' [794 (949/1782)»]. qdl.qa. http://www.qdl.qa/en/archive/81055/vdc_100023575945.0x000096. Henta 23. januar 2017. 
  21. 21,0 21,1 «Historical references to Doha and Bidda before 1850». The Origins of Doha Project. pp. 5–6. https://originsofdoha.files.wordpress.com/2015/03/a-history-of-doha-and-bidda1.pdf. Henta 23. januar 2017. 
  22. H. Rahman (2006), s. 90–92.
  23. 23,0 23,1 «Historical references to Doha and Bidda before 1850». The Origins of Doha Project. p. 6. https://originsofdoha.files.wordpress.com/2015/03/a-history-of-doha-and-bidda1.pdf. Henta 23. januar 2017. 
  24. 24,0 24,1 «Historical references to Doha and Bidda before 1850». The Origins of Doha Project. p. 7. https://originsofdoha.files.wordpress.com/2015/03/a-history-of-doha-and-bidda1.pdf. Henta 23. januar 2017. 
  25. «Line of succession: The Al Thani rule in Qatar», Gulf News, 20. oktober 2015, http://gulfnews.com/news/gulf/qatar/line-of-succession-the-al-thani-rule-in-qatar-1.1201210, henta 24. januar 2017 
  26. «‘A collection of treaties, engagements and sanads relating to India and neighbouring countries [... Vol XI containing the treaties, & c., relating to Aden and the southwest coast of Arabia, the Arab principalities in Gulf of Persia, Flugat (Oman), Balutsjistan and the North-West Frontier Province’ [113v] (235/822)»]. Qatar Digital Library. http://www.qdl.qa/en/archive/81055/vdc_100023462215.0x000024. Henta 24. januar 2017. 
  27. «'File 19/243 IV Zubarah' [8r (15/322)»]. Qatar Digital Library. http://www.qdl.qa/en/archive/81055/vdc_100023636219.0x000010. Henta 24. januar 2017. 
  28. «'Gazetteer of Gulf of Persia. Vol I. Historical. Part IA & IB. J G Lorimer. 1915' [801 (956/1782)»]. Qatar Digital Library. http://www.qdl.qa/en/archive/81055/vdc_100023575945.0x00009d. Henta 24. januar 2017. 
  29. H. Rahman (2006), s. 123.
  30. H. Rahman (2006), s. 138–139.
  31. H. Rahman (2006), s. 140.
  32. Zahlan, Rosemarie Said. The creation of Qatar (print utg.). Barnes & Noble Books. s. 53. ISBN 978-0064979658. 
  33. H. Rahman (2006), s. 152.
  34. «Historical references to Doha and Bidda before 1850». The Origins of Doha Project. p. 11. https://originsofdoha.files.wordpress.com/2015/03/a-history-of-doha-and-bidda1.pdf. Henta 23. januar 2017. 
  35. 35,0 35,1 Kurşun, Zekeriya. The Ottomans in Qatar : a history of Anglo-Ottoman conflicts in Gulf of Persia. Istanbul : Isis Press. ISBN 9789754282139. 
  36. 36,0 36,1 Florian Wiedmann, Ashraf M. Salama, Alain Thierstein. «Urban evolution of byen of Doha: an investigation into the impact of economic transformations on urban structures». p. 38. http://jfa.arch.metu.edu.tr/archive/0258-5316/2012/cilt29/sayi_2/35-61.pdf. Henta 24. januar 2017. 
  37. 37,0 37,1 Althani, Mohamed. Jassim the Leader: Founder of Qatar. Profile Books. s. 35. ISBN 978-1781250709. Arkivert frå originalen.. https://books.google.com/books?id=X_J9kiBRdIgC. 
  38. Casey, Paula; Vine, Peter. The heritage of Qatar (print utg.). Immel Publishing. ss. 49–50. ISBN 978-0907151500. 
  39. M. Althani (2013), p, 134.
  40. H. Rahman (2006), s. 291.
  41. «Historical references to Doha and Bidda before 1850». The Origins of Doha Project. p. 16. https://originsofdoha.files.wordpress.com/2015/03/a-history-of-doha-and-bidda1.pdf. Henta 23. januar 2017. 
  42. «Pearl Diving in Qatar». USA Today. http://traveltips.usatoday.com/pearl-diving-qatar-100698.html. Henta 24. januar 2017. 
  43. Abu Saud, Abeer (1984). Qatari Women: Past and Present. Longman Group. s. 173. ISBN 978-0582783720. 
  44. «Qatar in perspective: an orientation guide». Defense League Institute Foreign Language Center. p. 8. https://famdliflc.lingnet.org/products/cip/qatar/qatar.pdf. 
  45. Florian Wiedmann, Ashraf M. Salama, Alain Thierstein. «Urban evolution of byen of Doha: an investigation into the impact of economic transformations on urban structures». p. 41. http://jfa.arch.metu.edu.tr/archive/0258-5316/2012/cilt29/sayi_2/35-61.pdf. Henta 24. januar 2017. 
  46. «Our history». Qatar University. http://www.qu.edu.qa/theuniversity/history.php. Henta 24. januar 2017. 
  47. «Qatar’s nasjonalmuseum eyeing 2016 opening». Doha News. 6. juli 2014. http://dohanews.co/qatars-national-museum-eyeing-2016-opening/. Henta 24. januar 2017. 
  48. 48,0 48,1 48,2 Florian Wiedmann, Ashraf M. Salama, Alain Thierstein. «Urban evolution of byen of Doha: an investigation into the impact of economic transformations on urban structures». pp. 44–45. http://jfa.arch.metu.edu.tr/archive/0258-5316/2012/cilt29/sayi_2/35-61.pdf. Henta 24. januar 2017. 
  49. 49,0 49,1 Florian Wiedmann, Ashraf M. Salama, Alain Thierstein. «Urban evolution of byen of Doha: an investigation into the impact of economic transformations on urban structures». p. 47. http://jfa.arch.metu.edu.tr/archive/0258-5316/2012/cilt29/sayi_2/35-61.pdf. Henta 24. januar 2017. 
  50. 50,0 50,1 «FIFA World Youth Championship Qatar 1995 - matches». FIFA. http://www.fifa.com/u20worldcup/archive/qatar1995/matches/index.html. Henta 24. januar 2017. 
  51. «AL JAZEERA TV: The Historie på Controversial Middle East News Station arabisk News Satellite Channel Historie på Controversial Station». Allied-media. http://allied-media.com/aljazeera/jazeera_history.html. Henta 24. januar 2017. 
  52. Florian Wiedmann, Ashraf M. Salama, Alain Thierstein. «Urban evolution of byen of Doha: an investigation into the impact of economic transformations on urban structures». p. 49. http://jfa.arch.metu.edu.tr/archive/0258-5316/2012/cilt29/sayi_2/35-61.pdf. Henta 24. januar 2017. 
  53. Wiedmann, Florian; Salama, Ashraf M. Demystifying Doha: On Architecture and Urbanism in an Emerging City. Ashgate. ISBN 9781409466345. Arkivert frå originalen.. https://books.google.com/books?id=fk6iAgAAQBAJ. 
  54. Exell, Karen; Rico, Trinidad. Cultural Heritage in the Den arabiske halvøya: Debates, Discourses and Practices. Ashgate. s. 199. ISBN 978-1-4094-7009-0. 
  55. Elspeth Black. «Katara: The Cultural Village». The Culture Trip. http://theculturetrip.com/middle-east/qatar/articles/katara-the-cultural-village/. Henta 24. januar 2017. 
  56. «Map of Doha, Qatar». Climatemps.com. http://www.qatar.climatemps.com/map.php. Henta 24. januar 2017. 
  57. «New land by the sea: Economically and socially, land reclamation pays». International Association of Dredging Companies. p. 4. https://www.iadc-dredging.com/ul/cms/fck-uploaded/documents/PDF%20Articles/article-new-land-by-the-sea.pdf. Henta 24. januar 2017. 
  58. «DEME: Doha Airport Built on Reclaimed Land Becomes Fully Operational». Dredging Today. 3. juni 2014. http://www.dredgingtoday.com/2014/06/03/deme-doha-airport-built-on-reclaimed-land-becomes-fully-operational/. Henta 24. januar 2017. 
  59. Ed Blinkhorn (April 2015). «Geophysical GPR Survey». The Origins of Doha Project. https://originsofdoha.files.wordpress.com/2015/06/2015090-7235-bidda-gpr-report.pdf. Henta 24. januar 2017. 
  60. Ron Gluckman (May 2008). «Artificial Islands: In Dubai, a world, and universe of new real estate». Gluckman. http://www.gluckman.com/ArtificialIslands.html. Henta 24. januar 2017. 
  61. «Say Hello To Pearl Qatar – The World’s Most Luxurious Artificial Island». Wonderful Engineering. http://wonderfulengineering.com/say-hello-to-pearl-qatar-the-worlds-most-luxurious-artificial-island/. Henta 24. januar 2017. 
  62. «Qatar islands». Online Qatar. http://www.onlineqatar.com/attractions/islands-qatar.aspx. Henta 24. januar 2017. 
  63. «Doha weather information». Wunderground.com. 2010-06-10. http://www.wunderground.com/NORMS/DisplayIntlNORMS.asp?CityCode=41170&Units=both. Henta 24. januar 2017. 
  64. 64,0 64,1 «Doha internasjonale lufthamn Climate Normals 1962-1992». National Oceanic and Atmospheric Administration. ftp://ftp.atdd.noaa.gov/pub/GCOS/WMO-Normals/RA-II/QR/41170.TXT. Henta 24. januar 2017. 
  65. 65,0 65,1 Abdulla Juma Kobaisi. «The Development of Education in Qatar, 1950–1970». Durham University. p. 11. http://etheses.dur.ac.uk/1856/1/1856.pdf. Henta 17. juni 2015. 
  66. «Doha». Tiscali.co.uk. 1984-02-21. http://www.tiscali.co.uk/reference/encyclopaedia/hutchinson/m0003599.html. Henta 24. januar 2017. 
  67. «Sheraton Doha Hotel & Resort | Hotel discount bookings in Qatar». Hotelrentalgroup.com. http://www.hotelrentalgroup.com/Qatar/Sheraton%20Doha%20Hotel%20&%20Resort.htm. Henta 24. januar 2017. 
  68. «hotelsdoha.eu». hotelsdoha.eu. http://www.hotelsdoha.eu/. Henta 12. august 2016. 
  69. «Qatar population statistics». geohive.com. http://www.geohive.com/cntry/qatar.aspx. Henta 24. januar 2017. 
  70. «Facts and figures». lusail.com. http://www.lusail.com/English/Background/Pages/Facts-and-Figures.aspx. Henta 24. januar 2017. 
  71. «Population statistics». Qatar Information Exchange. Arkivert frå originalen den 1 July 2015. https://web.archive.org/web/20150701123930/http://www.qix.gov.qa/portal/page/portal/qix/subject_area?subject_area=176. Henta 15 June 2015. 
  72. World and Its Peoples. Marshall Cavendish. s. 61. Arkivert frå originalen.. https://books.google.com/books?id=j894miuOqc4C. 
  73. «Doha 2016 Summer Olympic Games Bid». Gamesbids.com. http://www.gamesbids.com/english/bids/dha2016.shtml. Henta 2010-06-27. 
  74. 74,0 74,1 Humaira Tasnim, Abhay Valiyaveettil, Dr. Ingmar Weber, Venkata Kiran Garimella. «Socio-geographic map of Doha». Qatar Computing Research Institute. http://www.qcri.com/app/media/2222. Henta 24. januar 2017. 
  75. Baker, Colin; Jones, Sylvia Prys. Encyclopedia of Bilingualism and Bilingual Education. Multilingual Matters. s. 429. ISBN 978-1853593628. Arkivert frå originalen.. https://books.google.com/books?id=YgtSqB9oqDIC. 
  76. Guttenplan, D. D. (24. januar 2017), Battling to Preserve arabisk From English's Onslaught, http://www.nytimes.com/2012/06/11/world/middleeast/11iht-educlede11.html, henta 6. juni 2016 
  77. «Religious demography of Qatar». US Department of State. http://globalreligiousfutures.org/countries/qatar/religious_demography.pdf. Henta 24. januar 2017. 
  78. Shabina Khatri (20. juni 2008). «Qatar opens first church, quietly». Al Jazeera. http://www.aljazeera.com/news/middleeast/2008/03/2008525173738882540.html. Henta 24. januar 2017. 
  79. «وزارة البلدية والتخطيط العمراني». Baladiya.gov.qa. 2013-01-04. http://www.baladiya.gov.qa/portal/page?_pageid=135,231041&_dad=portal&_schema=PORTAL&subTabIndex=4550&branchIndex=0&tabIndex=8000. Henta 12. august 2016. 
  80. «Qatar Municipalities». Qatar Ministry of Municipality and Urban Planning. Arkivert frå originalen den 2011-12-22. http://www.webcitation.org/648BEr4aA. 
  81. 81,0 81,1 Michael Dumper, Bruce E. Stanley. Cities of the Middle East and North Africa: A Historical Encyclopedia. ABC-CLIO. s. 138. ISBN 978-1576079195. Arkivert frå originalen.. https://books.google.com/books?id=3SapTk5iGDkC&pg=PA138. 
  82. Marco Rinaldi (5. mai 2014). «Hamad internasjonale lufthamn by Hok». aasarchitecture.com. http://aasarchitecture.com/2014/05/hamad-international-airport-hok.html. Henta 24. januar 2017. 
  83. Peter Kovessy (23. juni 2014). «Reports: Housing supply not keeping up with population rise». Doha News. http://dohanews.co/reports-suggest-looming-housing-shortages-qatar/. Henta 24. januar 2017. 
  84. Rohan Soman (13. mai 2013). «Real estate prices in Qatar skyrocket». BQ Doha. http://www.bqdoha.com/2013/05/real-estate-prices-in-qatar-skyrocket. Henta 24. januar 2017. 
  85. Djamel Bouassa. «Al Asmakh historic district in Doha, Qatar: from an urban slum to living heritage». http://www.academia.edu/7412457/Al_Asmakh_historic_district_in_Doha_Qatar_from_an_urban_slum_to_living_heritage_PLEASE_SCROLL_DOWN_FOR_ARTICLE_Al_Asmakh_historic_district_in_Doha_Qatar_from_an_urban_slum_to_living_heritage. Henta 10 July 2015. 
  86. «The Winners of the Old Doha Prize Competition Announced». Marhaba. 26. november 2013. http://marhaba.qa/the-winners-of-the-old-doha-prize-competition-announced/. Henta 24. januar 2017. 
  87. «About us». Katara. http://www.katara.net/english/about-katara/about-us/. Henta 24. januar 2017. 
  88. Bullivant, Lucy. Masterplanning Futures. Routledge. s. 59. ISBN 978-0415554473. Arkivert frå originalen.. https://books.google.com/books?id=7xal23QYDW4C&pg=PA59. 
  89. «The World's Tallest Buildings». Bloomberg. http://www.bloomberg.com/ss/08/10/1015_tallest_buildings/14.htm. Henta 24. januar 2017. 
  90. «Flight concerns stop 550m Doha tower development». Construction Week Online. 31. januar 2012. http://www.constructionweekonline.com/article-15481-flight-concerns-stop-550m-doha-tower-development/. Henta 24. januar 2017. 
  91. William Skidmore (24. oktober 2012). «Qatar's key infrastructure projects». Construction Week Online. http://www.constructionweekonline.com/article-19113-qatars-key-infrastructure-projects/. Henta 24. januar 2017. 
  92. Abu Saud, Abeer (1984). Qatari Women: Past and Present. Longman Group. s. 173. ISBN 978-0582783720. 
  93. «Qatar University». Qatar e-government. http://portal.www.gov.qa/wps/portal/!ut/p/a0/RYyxDsIwDES_hSFzUtjYKoTECqICupnUaqxSO0rcIv6epkun0717Otvap20ZZupBSRg-S399_XiMoMFUh9q4yzSIjGSqvXvgu8RJWJF1m9xdIvls3Lmb_HpUNOCuxA0zQvJh0akPmArbPHcFhZU1TDOmTPqzcah3f7UCsOE!/. Henta 27. mai 2015. 
  94. Abu Saud (1973), s. 173
  95. 95,0 95,1 Simeon Kerr (20. oktober 2013). «Doha’s Education City is a boost for locals». Financial Times. http://www.ft.com/cms/s/0/b2fff52c-1711-11e3-9ec2-00144feabdc0.html#axzz3gD8oJryK. Henta 24. januar 2017. 
  96. «Qatar Stars League 2014/2015 » Teams». worldfootball.net. http://www.worldfootball.net/players/qat-qatar-stars-league-2014-2015/. Henta 24. januar 2017. 
  97. «Qatar Stars League » Champions». worldfootball.net. http://www.worldfootball.net/winner/qat-qatar-stars-league/. Henta 24. januar 2017. 
  98. «AFC Asian Cup history». AFC Asian Cup. http://www.afcasiancup.com/about/en/e8cj5pyl9r3q1mnhvnallamdh. Henta 24. januar 2017. 
  99. 2018 and 2022 FIFA World Cup Hosts Announced, 24. januar 2017, http://news.bbc.co.uk/sport1/hi/football/9250585.stm, henta 24. januar 2017 
  100. 2022 FIFA World Cup Bid Evaluation Report: Qatar, FIFA, 2. august 2016, http://www.fifa.com/mm/document/tournament/competition/01/33/59/45/bidevaluationreport.pdf 
  101. «"Season to End in Doha 2008–2010" on the Sony Ericsson WTA Tour website». Sonyericssonwtatour.com. http://www.sonyericssonwtatour.com/3/newsroom/stories/?ContentID=1482. Henta 23. januar 2017. 
  102. Patrick Dixon. «The Future Of Qatar - Rapid Growth». globalchange.com. http://www.globalchange.com/qatar.htm. Henta 24. januar 2017. 
  103. «Information on 2016 Olympic Games Bids». Gamesbids.com. http://www.gamesbids.com/english/bids/2016.shtml. Henta 24. januar 2017. 
  104. «Doha to bid for 2020 Olympics». Espn.go.com. 2011-08-26. http://espn.go.com/olympics/story/_/id/6898802/doha-bid-right-host-2020-summer-olympics. Henta 23. januar 2017. 
  105. «About the circuit». MotoGP. http://www.motogp.com/en/event/Qatar. Henta 24. januar 2017. 
  106. «Power boats». Oryx in-flight magazine. http://www.oryxinflightmagazine.com/middle-east/power-boats.html. Henta 24. januar 2017. 
  107. «Sister cities». eBeijing. http://www.ebeijing.gov.cn/Sister_Cities/Sister_City/. Henta 131. juli 2016. 
  108. «Doha and Brasilia Become Sister Cities 2014». Marhaba. 25. februar 2014. http://marhaba.qa/doha-and-brasilia-become-sister-cities-2014/. Henta 24. januar 2017. 
  109. Tirana binjakëzohet me Dohan, TV Klan 2012-02-12 (in Albanian)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Doha
  • Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Doha frå Wikivoyage