Hopp til innhald

Hjørring

Hjørring
Springvandspladsen i Hjørring.Foto: Tomasz Sienicki
Springvandspladsen i Hjørring.
Foto: Tomasz Sienicki
Springvandspladsen i Hjørring.
Foto: Tomasz Sienicki
Byvåpenet til Hjørring
Land
Region
Kommune
Danmark
Region Nordjylland
Hjørring kommune
Grunnlagd Fekk kjøpstadsrettar i 1243[1]
Borgarmeister Arne Boelt S (2010-2013) og (2014-2017)[2]
Innbyggjarar
  By (2023)

25 917[3]
Koordinatar 57°27′36″N 9°59′12″E / 57.46000°N 9.98667°E / 57.46000; 9.98667
Høgd 50 m
Nettstad: https://hjoerring.dk

Hjørring er ein by og tidlegare kjøpstad i Vendsyssel i Hjørring kommune, Region Nordjylland i Danmark. Flatevidda er 311,4 km², og folkemengda var 24 982 i 2013.

Hjørring er ein gammal amtsby, og har difor gode utdanningstilbod og eit stort sjukehus. Byen er kjend internasjonalt for å husa ei av verdas største fotballturneringar, Dana Cup.

Hjørring er ein av dei eldste byane i Danmark, og feira 750-årsjubileum i 1993. Namnet Hjørring kjem av norrønt hjórr (sverd) og har òg den typiske ing-endinga for gamle danske byar.

I mellomalderen var Hjørring ein nokså stor by, noko som dei tre gamle kyrkjene hans viser. Fleire brannar på 1600-talet og i 1819 har likevel ført til at han ikkje har igjen mange gamle hus.

  1. Søren Olsen: Danmarks købstæder, 144 købstæder og andre gamle byer, Politikens Forlag 2000, side 29, ISBN 87-567-6203-8
  2. Kommunalvalg i 2013 frå Berlingske (Vitja 25. desember 2013)
  3. https://m.statbank.dk/TableInfo/BY3?lang=en. Missing or empty |title= (hjelp)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Hjørring