Hjartøyna ved Alvøyna

Koordinatar: 60°35′46″N 04°47′10″E / 60.59611°N 4.78611°E / 60.59611; 4.78611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°35′46″N 04°47′10″E / 60.59611°N 4.78611°E / 60.59611; 4.78611

Hjartøyna
øy
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Øygarden kommune
Høgaste punkt 32 moh.
Areal 0,8 km²
Kart
Hjartøyna
60°35′44″N 4°46′58″E / 60.59554°N 4.7828°E / 60.59554; 4.7828

Hjartøyna er ei øy rett vest for Alvøyna, nord i Øygarden kommune i Vestland. Øya er 0,8 kvadratkilometer stor og utan fast busetjing. Ho er veglaus. Ved folketeljinga i 1900 budde det sju personar på øya.

Arkeologiske utgravingar på øya har funne spor etter 38 strandtufter, eller fjøremannstufter, den største konsentrasjonen av slike i Noreg. Desse har truleg vore i bruk frå ca. 200-talet til 1100-talet, noko som tyder på stor fiskeriaktivitet frå Hjartøyna i denne perioden. Oljerøyrleidninga frå Osebergfeltet til Stureterminalen på Alvøyna har sidan 1980-talet kome i land på Hjartøyna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Morten Ramstad, "Hjartøy gjennom 10.000 år: steinalderboplasser – strandtufter og vær – fiskarbonde og oljealder", Norsk arkeologi 15.9.2020