Øygarden kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om kommunen i Noreg. For øygruppa i Antarktis, sjå Øygarden i Antarktis.
Øygarden kommune
kommune
kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Adm.senter Rong
Areal 67 km²
 - land 64 km²
 - vatn km²
Folketal 4 877 (1. januar 2018)
Folketettleik 76 / km²
Målform nynorsk
Ordførar Børge Haugetun
(TVØ)
Kommunenr. 1259
NO 1259 Øygarden.svg
Wikimedia Commons: Øygarden
Nettstad: www.oygarden.kommune.no

Øygarden er ein øykommune utanfor Bergen i Hordaland fylke.

Øygarden kommune er ein kystkommune med ca. 4500 innbyggjarar som ligg nordvest for Bergen, nord for Sotra. Kommunen vart oppretta i 1964 av gamle Hjelme kommune og delar av Herdla herad. Om lag 450 øyar, holmar og skjer utgjer kommunen.

Saman med Askøy toppar Øygarden statistikken over dei raskast veksande kommunane i Hordaland. Innbyggjartalet auka med 2,6 prosent i 2005. Dei største, bebudde øyane er, frå sør til nord: Toftøy, Rongøy, Blomøy, Oøy (Oen), Alvøy og Hellesøy.

På ei av desse øyane, Oøy, også kalla One ligg Kollsnes og bygdene Oen og Breivik

Det har vore hevda at dei eldste funn etter menneske i Noreg er frå Øygarden, nærmare bestemt Blomvåg.

Kystmuseet i Øygarden og Nordsjøfartmuseet i Tælavåg i Sund gjev saman ut tidskriftet Havstrilen.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Sjursen, Jahn Alfred: Ættebok for Nordre Øygarden', Bergen 1983.
  • Sjursen, Jahn Alfred: Ættebok for Herdlevær, Breivik, Oen, Rosnæs, Dalsnæs, Blom, Sæle, Bergen 1981.
  • Sjursen, Jahn Alfred: Ættebok for Ulvsøy, Rong, Torsvik, Toftevåg, Toft, Vik, Bergen 1981.
  • Sjursen, Jahn Alfred: Ættebok for Blomvaag, Bergen 1980.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]