Hjarteskjel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hjartemusling
Coque blanche (Cerastoderma edule).jpg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Bilaterale dyr Bilateria
Overrekkje: Spiralia
Rekkje: Blautdyr Mollusca
Klasse: Muslingar Bivalvia
Underklasse: Heterodonta
Orden: Veneroida
Familie: Hjartemusling Cardiidae
Lamarck, 1809

Hjarteskjel (Cardiidae) er ein biologisk familie av muslingar i underklassen Heterodonta. Dei er kjenneteikna av sterkt boga kraftige skal som har tydelege, ofte pigga ribber som går radiært ut frå skalnavlen eller umbo. Skala er hjarteforma sett framme- eller bakfrå. Skjela er kjende som mat i mange kulturar.

Familien omfattar mellom anna vanleg hjarteskjel eller saueskjel (Cerastoderma edule), pigghjarteskjell (Acanthocardia echinata) og glatt hjarteskjel (Laevicardium crassum), som alle finst i Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Cardiidae