Mat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
For elva i Albania, sjå Elva Mat

Ulike mattypar[endre | endre wikiteksten]

Animalsk mat

Frå pattedyr: Kjøt, mjølkeprodukt, blodmat o.a.
Frå fugl: Kjøt av fjørfe og villfugl, egg
Frå havet: Fisk, skaldyr og blautdyr
Plantebasert mat
Annan organisk mat
Uorganisk mat
Den vietnamesiske matretten phở med kylling.

Mat er det me et for å få i oss dei næringsstoffa kroppen vår treng. Smak, tekstur og utsjånad kan likevel vera like viktig som nytteverdien til det me et. Ulike område har derfor utvikla sine eigne, heilt forskjellige former for kokekunst.

Ein skil som regel mat frå drikke, sjølv om dei har mykje av dei same funksjonane. Mat kan finnast i like flytande form som drikke, men me seier som regel at me et mat (også flytande, som suppe) medan me drikk drikke.

Historisk utvikling[endre | endre wikiteksten]

Menneske i tidlegare tider brukte mykje av kreftene sine på å skaffa mat, enten ved å samla, jakta, eller dyrka jorda. Ettersom landbruket er blitt meir og meir effektivt treng me ikkje bruka så mykje tid eller pengar på å skaffa oss mat. Det er faktisk blitt slik at nokre av oss får for mykje næring, noko som fører til livsstilsjukdommar som overvekt og eventuelt hjarte- og karsjukdommar eller kreft. Andre, derimot, får for lite eller feil næring, anten fordi dei er fattige eller fordi dei har eteforstyrringar. Dette kan føra til mangelsjukdommar, ufullstendig utvikling, eller i verste fall til at dei døyr av svolt.

Mat som symbol[endre | endre wikiteksten]

Massá er ein viktig del av jødisk pesah-feiring.

Mennesket er rekna som altetande, det vil seia at me kan ta til oss næring frå mange ulike kjelder, både frå dyr og plantar. Det finst likevel mange kulturelle grenser for kva ein meiner er bra å eta. Religionar som islam, jødedom, hinduisme og buddhisme har til dels kompliserte reglar for kva som er lovleg mat og kva som ikkje er det. Andre kulturar har grenser som er mindre uttalte. Dei fleste nordmenn vil til dømes unngå å eta larvar eller maur fordi dei tykkjer det er ekkelt.

Mat blir brukt til å markera høgtider, anten ved at ein lager ein særskild rett eller ved at ein avstår frå ein viss type mat. I svært mange kulturar er det òg vanleg å ofra mat til gudar eller ånder, anten dagleg eller på spesielle dagar.