Hjelperakett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det amerikanske romferjesystemet nyttar to hjelperakettar som er knytte til den eksterne drivstofftanken.

Ein hjelperakett er ein rakett som vert nytta i byrjinga av ein rakettoppskytning. Hjelperaketttar er gjerne kopla til bereraketten. Føremålet med hjelperaketten er få ekstra fart i første delen av oppskytinga. Når hjelperakettane går tom for drivstoff, koplast dei frå bereraketten, så den slepp å dra med på unødvendig ekstravekt. Det amerikanske romferjesystemet nyttar to hjelperakettar, medan den sovjetiske Buran-Energija-programmet hadde heile fire hjelperakettar.