Hjerneristing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Akselerasjon (g-krefter) kan setje i verk rotasjonskrefter i hjernen, særleg i midthjernen og mellomhjernen.

Hjerneristing er ofte definert som ein hovudskade med mellombels tap av hjernefunksjon som kan føra til ulike fysiske, kognitive og emosjonelle symptom. Desse symptoma er tidvis underfundige og vanskelege å oppdage. Det er den vanlegaste traumatiske hjerneskaden. Behandling inneber i hovudsak fysisk og kognitiv kvile med reduksjon av skolearbeid, videospel, teksting og liknande kognitive oppgåver. Symptoma plar forsvinna innan tre veker, men dei kan også stå ved lag, og det kan oppstå komplikasjonar.[1]

Hjerneristing blir også kalla hjerneskaking og heileskaking.[2][3][4] Det generelle medisinske omgrepet er mild traumatisk hjerneskade[5] og sjeldan konkusjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kvam, Merethe (13. januar 2014), Hjernerystelse - raskere frisk med nok mental hvile, Norsk Helseinformatikk AS, http://nhi.no/forside/hjernerystelse-raskere-frisk-med-nok-mental-hvile-41586.html, henta 21. november 2014 
  2. «hjerneristing» i Nynorskordboka «skipling av hjernefunksjonane (ofte med uviting) etter sterk støyt eller liknande mot hovudet» }}
  3. «hjerneskaking» i Nynorskordboka
  4. «Heileskaking» i Nynorskordboka
  5. Hassel, Bjørnar; Henie Madslien, Elisabeth (21. oktober 2014), Hvorfor fungerer hjernen dårligere etter traumatisk skade?, Forsvarets forskningsinstitutt, http://www.ffi.no/no/Karriere/Documents/Hvorfor%20fungerer%20hjernen%20daarligere%20etter%20traumatisk%20skade.pdf, henta 21. november 2014 
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.