Hjernetrykk

Hjernetrykk eller intrakranielt trykk (ICP) skildrar trykket inni hovudskallen, og dimed også i hjernevevet og cerebrospinalvæska (CSF).[1][2] CSF-trykk har vist seg å bli påverka av bråe endringar i intratorakalt trykk ved hosting (intraabdominalt trykk), valsavas manøver og kommunisering med vaskulaturen (vene- og arteriesystema). ICP blir målt i millimeter kvikksølv (mmHg), og ved kvile plar den å vere mellom 7 og 15 mmHg hjå vaksne i liggande stilling.[3][4] Endringar i ICP er tilknytt volumendringar i ein eller fleire av konstituentane av kraniet.
Idiopatisk intrakraniell hypertensjon, ofte kalla auka intrakranielt trykk, er ei trykkauking i kraniet. ICP er normalt mellom 7 og 15 mmHg; ved 20—25 mmHg[3] er den øvre grensa nådd, og behandling kan vere naudsynleg.[5]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- nevrointensiv behandling
- traumatisk hjerneskade (intrakraniell skade)
- ekstern ventrikkeldrenasje
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Intracranial pressure» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mars 2015.
- ↑ Jansen, Jan (13. februar 2009), hjernetrykk, Store medisinske leksikon, henta 1. mars 2015
- ↑ Jansen, Jan (13. februar 2009), intrakranielt trykk, Store medisinske leksikon, henta 1. mars 2015
- ↑ 3,0 3,1 Myhre, Mia; Drage, Inger Marie (2013), Økt intrakranialt trykk og hjerneødem, Helsebiblioteket, arkivert frå originalen 2. april 2015, henta 1. mars 2015, «Normal ICP ≤ 15 mm Hg (ca 20 cm H2O) hos voksne/eldre barn og noe lavere hos yngre. ICP ≥ 20 mm Hg (ca. 27cm H2O) ansees som patologisk»
- ↑ Steiner LA, Andrews PJ (2006). «Monitoring the injured brain: ICP and CBF». British Journal of Anaesthesia 97 (1): 26–38.
- ↑ Ghajar J (September 2000). «Traumatic brain injury». Lancet 356 (9233): 923–9.