Kretsløpssystemet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kretsløpssystemet hos menneske. Pulsårer i raudt, vener i blått.

Kretsløpssystemet, òg kalla det sirkulatoriske systemet eller berre sirkulasjonen, er det organsystemet som lèt blodet gå rundt i lekamen. Hos mennesket er det blod, blodårer og hjartet som utgjer kretsløpssystemet. Det er tett forbunde med respirasjonssystemet, både anatomisk og funksjonelt.

Hjartet er ein hol muskel som pumpar blod. Det finst tre hovudslag av blodårer; pulsårer, vener og kapillærar. Pulsårer leier blodet ut frå hjartet, vener fører det attende. Kapillærar sit i overgangen mellom pulsårer og vener. Dei er dei minste blodårene og det er i dei utvekslinga av oksygen, karbondioksid, næring og avfallsstoff mellom blod og vev skjer.

Ein kan dele opp kretsløpssystemet i to hovuddelar; lungekretsløpet og systemkretsløpet. Systemkretsløpet kan òg delast opp i fleire delkretsløp.

Lungekretsløpet[endre | endre wikiteksten]

Det høgre hjartekammeret tek imot blod med lågt innhald av oksygen frå systemkretsløpet. Dette blir pumpa ut i lungepulsåra, som deler seg i to med ei grein mot kvar lunge. Desse deler seg fleire gongar, til slutt går dei over i eit finmaska kapillærnet som ligg tett inntil dei luftfylde lungeblærene i lungene. Avstanden er så liten at oksygen og karbondioksid kan gå att og fram mellom blod og luft. Blodet renn så attende mot hjartet og renn inn i venstre framkammer gjennom dei fire lungevenene. Blodet er no oksygenert, dvs. det har eit høgare innhald av oksygen enn då det forlet hjartet.

Systemkretsløpet[endre | endre wikiteksten]

Venstre hjartekammer tek imot blod med høgt innhald av oksygen frå lungekretsløpet. Dette blir pumpa ut i livpulsåra. Livpulsåra går nedover i midtlinja på kroppen, og frå ho går det oksygenert blod ut i hele kroppen. Pulsårene deler seg i eit stadig meir finmaska nett og går over i kapillærar. Desse går så over i vener som går saman i stadig større vener, inntil blodet renn inn i høgre framkammer gjennom nedre og øvre holvene. Øvre drenerer blod frå hovud, armar og overkropp, nedre tek imot blod frå underkropp og bein.

Kransårekretsløpet[endre | endre wikiteksten]

Portårekretsløpet[endre | endre wikiteksten]

Kretsløpet hor foster[endre | endre wikiteksten]

Hos foster skjer det inga gassutveksling i lungene. Oksygenert blod kjem frå morkaka gjennom ei vene i navlestrengen. Dette blodet går gjennom levra i ductus venosus og inn i høgre framkammer gjennom nedre holvene. Retninga på nedre holvene saman med anatomien inne i framkammeret gjer at blodet treffer framkammerskiljeveggen på foramen ovale. Foramen ovale er ein klaff som slepp blod frå høgre framkammer til venstre, men ikkje omvendt. Det oksygenerte blodet går difor ned i venstre hjartekammer og ut i hovudpulsåra. Dei første blodkara som går av er kranspulsårene og blodkara til hovudet (arteria carotis communis). Slik får hjartemuskelen og hjernen blod med høgt oksygeninnhald.

Lungene er mest klappa saman og har høg motstand mot blodgjennomstrøyming. Ei blodåre, ductus arteriosus, leier mesteparten av blodet frå lungepulsåra rett over i livpulsåra. Ductus arteriosus kjem inn i livpulsåra rett etter den staden der pulsåra til venstre arm tek av. Blodet attende til morkaka går gjennom to navlearterier frå arteriar i låra (arteria iliaca interna).

I fosterlivet pumpar høgre hjartekammer meire blod enn venstre, i motsetnad til etter fødselen kor dei pumpar like mykje.

Ductus venosus, ductus arteriosus og foramen ovale vil alle lukke seg kort tid etter fødselen.

Historisk[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]