Hn/Vade retro satana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Vade retro satana».
Jesus vert freista av djevelen. Måla av Ivan Kramskoï (Kristus i ørkenen).

Vade retro satana (omsett «Vik, Satan», «Gakk burt, Satan» eller «Vik bak meg, Satan») er dei fyrste ordi av ei katolsk bøn for djevelutdriving.

Denne bøni gjeng i alle fall attende til millomalderen. Ein hev funni ordleggingi i eit verk frå Kloster Metten i Bayern frå 1415.[1][2]

Bøn[endre | endre wikiteksten]

Forkorting av den latinske setningi «Vade retro satana...» (V R S... frå toppen og nedetter høgre sida) bak på ein benediktmedaljong.

Den latinske teksten:

Crux sacra sit mihi lux
Non draco sit mihi dux
Vade retro satana
Numquam suade mihi vana
Sunt mala quae libas
Ipse venena bibas

(Heile bøni er forkorta på medaljongillustrasjonen, fyrst på krossen og deretter ringen)

Beinveges omsetting:

Heilag krossen er mitt ljos / Draken er ikkje drotten min
Vik bak meg, satan / Freist meg aldri med fåfengde gjerningar
Det du byder på er vondt / Drikk gifta sjølv.

Soga[endre | endre wikiteksten]

«Vade retro satana» liknar ei setning frå markusevangeliet (8:33), der Jesus taler strengt til Peter og segjer «Gakk ut or augo mine, Satan! Du hev ikkje ans for det som er Guds vilje, men berre for det som er menneskevilje.»

«Vade Retro Satana» er framleides ein del av katolsk eksorsisme, det noverande ritualet er i De exorcismis et supplicationibus quibusdam.[3]

Kjeldor[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.ora-et-labora.net/croce.html
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 2015-09-24, henta 8. april 2017 
  3. De exorcismis et supplicationibus quibusdam, Libreria Editrice Vaticana, 2003. . ISBN 88-209-4822-2.  Missing or empty |title= (hjelp)