Hobby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hobby er eit omgrep for ein fritidsaktivitet som ofte tar tid og ofte er ubetalt. Ordet er av usikkert opphav, men kan ha opphav anten i falkejakt i mellomalderen eller etter ein hestetype som blei vidareført til kjepphest (engelsk hobby-horse). Hobbyutøvaren blir rekna som ein amatør (av latin amare, å elske), men kan ha kunnskapar og dugleik på høgde med profesjonelle (dei som har det same feltet som yrke og levebrød).

Nokre unge vel å lære så mykje om si hobbyinteresse, at dei kan gå inn i eit yrke med dette som grunnlag. Uttrykket nerd blir ofte brukt om personar som har hobbyar svært få andre synes er interessante og derfor blir sett på som sære.