Hochalmspitze

Koordinatar: 47°0′57″N 13°19′17″E / 47.01583°N 13.32139°E / 47.01583; 13.32139
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hochalmspitze
fjell
Hochalmspitze, sett frå nordvest
Land  Austerrike
Fjellkjede Hohe Tauern
Høgd 3 360 moh.
Primærfaktor 946 m
Førstestiging 1855
Koordinatar 47°0′57″N 13°19′17″E / 47.01583°N 13.32139°E / 47.01583; 13.32139
Kart
Hochalmspitze
47°00′57″N 13°19′17″E / 47.015833°N 13.321389°E / 47.015833; 13.321389
Wikimedia Commons: Hochalmspitze

Hochalmspitze er eit 3 360 meter over havet høgt fjell i Hohe Tauern i Alpane, i forbundslandet Kärnten i Austerrike. Fjelltoppen, som er den høgste i Ankogel-massivet, reiser seg aust for landsbyen Mallnitz.

Andreas Pucher, Josef Moritz og Jakob Haman vart dei fyrste menneska på Hochalmspitze då dei kleiv til topps den 30. august 1855.

På 1970-talet var det planar om å byggje skianlegg på ein av breane på Hochalmspitze. For å stogge desse planane kjøpte Oesterreichischer Alpenverein i 1988 7,5 kvadratkilometer grunn kring fjellet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]