Hodgson Lake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 72°01′S 68°28′W
Hodgson Lake
innsjø
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Aleksanderøya
 - koordinatar 72°01′S 68°28′W
Administrert under Antarktistraktaten

Hodgson Lake
72°1′0″ S 68°28′0″ W
Hodgson Lake is located in Antarktis
Hodgson Lake (Antarktis)

Hodgson Lake er ein innsjø sør på Aleksanderøya vest for Palmer Land i Antarktis. Han er kring 2 km lang og kring 1,5 km brei, med ei djupne på 93,4 meter. Vatnet ligg under eit 3,5-4 meter tjukt islag. Innsjøen er ultra-oligotrofisk og er særs næringsfattig. Ein har ikkje funne noko liv i Hodgson Lake. Innsjøen strekkjer seg austover til George VI Sound og George VI-isen gjer at han ligg like ved sundet. Nordsida av denne innsjøen grensar av Saturnbreen, som flyt aust og ut i George VI Sound. Innsjøen ligg like ved og søraust for Citadel Bastion, eit fjell på Aleksanderøya.[1][2][3]

Geomorfologiske og paleolimnologiske spor indikerer at Hodgson Lake har vore ein subglasial innsjø dekt av eit isdekke på minst 470 m under den siste istida. Dette isdekket starta å smelte kring 13 500 år sidan. Etter kvart trekte isen seg attende frå området kring Hodgson Lake og sjøen vart berre dekt av eit fleirårig is frå før 11 000 år sidan. Innsjøen har vore dekt av innsjøis sidan den tid.[2][3]

UK Antarctic Place-Names Committee namngav Lake Hodgson den 20. november 2007 etter Dominic Hodgson, ein paleolimnolog i British Antarctic Survey som skreiv mange vitskaplege rapportar. Han føreslo sjølv å kalle innsjøen «Citadel Lake».[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Stewart, J. (2011) Antarctic An Encyclopedia McFarland & Company Inc, New York. 1776 s. ISBN 9780786435906.
  2. 2,0 2,1 Hodgson D.A., S.J. Roberts, M.J. Bentley, J.A. Smith, J.S. Johnson, E. Verleyen, W. Vyverman, A.J. Hodson, M.J. Leng, A. Cziferszky, A.J. Fox, and D.C.W. Sanderson (2009) Exploring former subglacial Hodgson Lake, Antarctica Paper I. Quaternary Science Reviews. 28(23-24):2295–2309.
  3. 3,0 3,1 Hodgson D.A., S.J. Roberts, M.J. Bentley, E.L. Carmichael, J.A. Smith, E. Verleyen, W. Vyverman, P. Geissler, M.J. Leng, and D.C.W. Sanderson (2009) Exploring former subglacial Hodgson Lake, Antarctica Paper II. Quaternary Science Reviews. 28(23-24):2310–2325.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Anonymous (2009) Exploring Hodgson Lake Planet Earth Online, Natural Environment Research Council.

f