Aleksanderøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksanderøya
øy
Aleksanderøya ved Den antarktiske halvøya
Land  Antarktis
Stad Antarktis
 - koordinatar 71°0′S 70°0′W
Høgaste punkt Mount Stephenson
 - høgd 2 987 moh.
Lengd 390 km
Areal 49 070 km²
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Aleksanderøya
71° S 70° W
Aleksanderøya is located in Antarktis
Aleksanderøya (Antarktis)
Wikimedia Commons: Alexander Island

Aleksanderøya, òg kjend som Alexander I Island, Alexander I Land, Alexander Land, Alexander I Archipelago og Zemlja Aleksandra I, er den største øya i Antarktis. Ho ligg i Bellingshausenhavet vest for Palmer LandDen antarktiske halvøya. Mellom øya og halvøya ligg Marguerite Bay og George VI Sound. George VI isbrem fyller heile George VI Sound og knyter Aleksanderøya fast til Palmer Land. Øya ligg delvis kring Wilkins Sound, som ligg i vest.[1] Aleksanderøya er om lag 390 km lang frå nord til sør, er 80 km brei i nord og 240 km brei i sør.[2] Aleksanderøya er den nest største folketomme øya i verda etter Devonøya, og har eit areal på 55 247 km².

Historie[endre | endre wikiteksten]

Aleksanderøya vart oppdaga 28. januar 1821 av ein russisk ekspedisjon under Fabian Gottlieb von Bellingshausen, som gav ho namnet Aleksander I Land etter den regjerande tsaren Aleksander I av Russland, men vart trudd å vere ein del av det antarktiske fastlandet fram til 1940. At det var ei øy vart bevist i desember 1940 av eit selskap på slede under Finn Rønne frå U.S. Antarctic Service.[2] I 1950-åra vart ein britisk base administrert som ein del av Britisk Antarktis bygd som Fossil Bluff (Base KG).[3]

Fossil Bluff med den britiske basen på Aleksanderøya. Giza Peak ligg i bakgrunnen, Eros Glacier ligg like aust for denne utsikta, men er ikkje med på biletet.

Øya vert i dag nytta som eit meteorologisk senter og forsyningsbase, Fossil Bluff.[4] Storbritannia har gjort krav på øya som ein del av Britisk Antarktis sidan 1908, og det same har Chile (i 1940) og Argentina (i 1942)[5] som ein del av høvesvis Chilensk Antarktis og Tierra del Fuego, Antártida e Islas del Atlántico Sur.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Aleksanderøya er stort sett dekt av is. Enkelte nunatakar bryt opp av isflata og det finst nokre få isfrie område, som Ablation Point Massif. Nunatakane er fjelltoppar som strekkjer seg frå nord til sør langs øya. Desse omfattar mellom andre Colbert, Havre, Lassus, Rouen, Sofia University og Walton mountains, i tillegg til Staccato Peaks, Lully Foothills, Elgar Uplands og Douglas Range. Desse fjella, toppane, åsane og høglanda er omringa av eit permanent isdekke som består av isbrear som flyt ned frå Aleksanderøya. Desse breane flyt vestover og ut i Bach og Wilkins isbrem og Bellingshausenhavet, og aust ut i George VI isbrem. George VI isbrem får is frå både isbrear i Palmer Land og Aleksanderøya.[1][2][6]

På Aleksanderøya ligg Hodgson Lake. Han er ein tidlegare subglasial innsjø som har dukka opp frå under isdekket. Han er 2 km lang og 1,5 km bre og har ei 93,4 m djup vassøyle som ligg under eit 3,6 til 4,0 meter tjukt fleirårig isdekke. Nordsida av innsjøen grensar til Saturnbreen, som flyt austover til George VI Sound. Under siste glasiale maksimum var Hodgson Lake dekt av eit isdekke som var minst 470 meter tjukt. Dette isdekket starta å smelte kring 13 500 år sidan. Det trekte seg attende og Hodgson Lake vart berre dekt av det tynnare isdekket sitt for kring 11 000 år sidan.[7][8] Secret Lake er ein innsjø i ein dalbotn nær austkysten av øya som berre er synleg frå dalbotnen eller frå lufta.

Andre kjennelege delar av øy er Damocles Point[9] og Mount Tyrrell. Ved Beethoven Peninsula finn ein fjordar som Brahmsfjorden, Verdifjorden og Mendelssohnfjorden, med isbremmar som og Bachisen og Wilkins isbrem. Dei andre halvøyane på Aleksanderøya er Shostakovich Peninsula, Derocher Peninsula, Eroica Peninsula, Harris Peninsula, Monteverdi Peninsula, Pesce Peninsula og Bennett Dome.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete av Aleksanderøya (NASA)
Fjell på Aleksanderøya (NASA)

Utanom ei 10-30 km lang stripe langs austsida, er grunnfjellet dekt av eit isdekke. Bergartane som utgjer Aleksanderøya består av ei kompleks sampling av metasedimentære og metavulkanske bergartar. Desse bergartane, der ein lokalt finn vulkanske bergartar som intrusjon eller lagt over bergartane, vert kalla Lemay-gruppa. Dei består av turbidittisk sandstein (subgråvakke og arkose) innlagra med sekundær siltstein, leirstein, tuff, vulkanoklastisk sedimentær bergart, agglomerat og konglomerat, som alle har gått gjennom metamorfose til prehnittpumpellyitt til blåskifer-facies. Desse metasedimentære bergartane inneheld dårleg bevarte ammonittar, muslingar, sniglar, stråledyr og fragmenterte plantefossil. LeMay-gruppa består òg av spreidd skiver av havbotn, havøyar og undervassfjell i samband med forkastingar, som inneheld putebasaltar, vulkanoklastisk sedimentære bergartar og chert. Bergartane som utgjer LeMay-gruppa er asymmetrisk folda og skyveforkasta i vest, med kaotiske soner og og mange like gamle mjuksedimentdeformasjonar. Basert på biostratigrafi er den eldste kjende bergarten i LeMay-gruppa frå nedre jura og opp til sein nedre krit. Dei eldste bergartane i gruppa kan gå heilt attende til karbontida (350–260 million år sidan). LeMay-gruppa er tolka til å vere ei samanveksingsprisme som vart bygt ut frå vestsida (framsida) av ein langvarig magmatisk boge med røter som no er eksponert på Den antarktiske halvøya, mellom tidleg jura og paleocen, då subduksjonen stoppa opp.[10][11][12]

Den austlegaste 10 til 30 km breie stripa av Aleksanderøya er underlagt av ein 7 km tjukk sekvens av særs forsteina, grunn marin til subæril fluvial sandstein, leirstein og konglomerat av Fossil Bluff-gruppa. Det marine laget i Fossil Bluff-gruppa inneheld mange amonittar, belemnittar, gastropodar, pelecypodar og andre marine fossil. Dei øvre fluviale sedimentære bergartane i Fossil Bluff-gruppa inneheld fossile skogar med ståande trestammer så høge som 5,5 meter, andre plantefossil og tilknytte paleosolar som ved Citadel Bastion. Desse sedimentære bergartane har i røynda ikkje gått gjennom metamorfose og er berre lett folda. Dei er påverka av horisontalforkasting, normal forkasting og skyveforkasting til forskjellige tider. Ut frå fossila ein har funne veit ein at Fossil Bluff-gruppa er akkumulert over ein tidsperiode frå tidleg i juratida til midten av krittida. Dei sedimentære bergartane i Fossil Bluff-gruppa ligg diskordant over kvarandre og er forkasta mot LeMay-gruppa.

Ein har funne to forskjellige grupper vulkanske bergartar på Aleksanderøya. Ei gruppe består av vulkanske og plutoniske bergartar frå sein krittid til paleocen. Dei ligg diskordant over kvarande og har trengt inn i metasedimentære og andre bergartar i LeMay-gruppa og dei sedimentære bergartane i Fossil Bluff-gruppa. Somme av desse vulkanske bergartane består av særeigne magnesium-rike andesittar, som vart skapt av subduksjon frå ein segmentert eldgamal midthavsrygg for kring 80 million år sidan. Til slutt er det fleire mindre frambrot av neogene alkaline vulkanske bergartar, som vart danna etter at subduksjonen stoppa opp.[11][12][13]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Stewart, J. (2011) Antarctic An Encyclopedia McFarland & Company Inc, New York. 1776 s. ISBN 9780786435906.
  2. 2,0 2,1 2,2 U.S. Geological Survey Geographic Names Information System: Aleksanderøya
  3. http://www.antarctic.ac.uk/about_bas/our_organisation/eid/archives_met_list.pdf[daud lenkje]
  4. Mills, William (2003). Exploring Polar Frontiers: A Historical Encyclopedia (1. utg.). s. 9. ISBN 1-57607-422-6. Henta 20 January 2015. 
  5. «Alexander Island». Encyclopædia Britannica. 20. juli 1998. Henta 26. november 2023. 
  6. Smith, J.A., M.J. Bentley, D.A. Hodgson, and A.J.Cook (2007) George VI ice shelve: past history, present behaviour and potential mechanisms for future collapse. Antarctic Science 19(1):131–142.
  7. Hodgson D.A., S.J. Roberts, M.J. Bentley, J.A. Smith, J.S. Johnson, E. Verleyen, W. Vyverman, A.J. Hodson, M.J. Leng, A. Cziferszky, A.J. Fox, and D.C.W. Sanderson (2009) Exploring former subglacial Hodgson Lake, Antarctica Paper I. Quaternary Science Reviews. 28:23-24:2295–2309.
  8. Hodgson D.A., S.J. Roberts, M.J. Bentley, E.L. Carmichael, J.A. Smith, E. Verleyen, W. Vyverman, P. Geissler, M.J. Leng, and D.C.W. Sanderson (2009) Exploring former subglacial Hodgson Lake, Antarctica Paper II. Quaternary Science Reviews. 28:23-24:2310–2325.
  9.  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Aleksanderøya» (innhald frå Geographic Names Information System).
  10. Macdonald, D.I.M. og P.J. Butterworth (1990) The stratigraphy, setting and hydrocarbon potential of the Mesozoic sedimentary basins of the Antarctic Peninsula. in B. John, ed., s. 101-125. Antarctica as an exploration frontier; hydrocarbon potential, geologi, and hazards. AAPG Studies in Geology. vol. 31 American Association of Petroleum Geologists, Tulsa,Oklahoma.
  11. 11,0 11,1 Macdonald, D.I.M., P.A. Doubleday, og S.R.A. Kelly (1999) On the origin of fore-arc basins; new evidence of formation by rifting from the Jurassic of Alexander Island, Antarctica. Terra Nova. 11(4):186-193,
  12. 12,0 12,1 Vaughan, A.P.M. og B.C. Storey (2000) The eastern Palmer Land shear zone: a new terrane accretion model for the Mesozoic development of the Antarctic Peninsula. Journal of the Geological Society. 157(6):1243-1256.
  13. McCarron, J.J. og J.L. Smellie (1998) Tectonic implications of fore-arc magmatism and generation of high-magnesian andesites: Alexander Island, Antarctica. Journal of the Geological Society. vol. 155(2):269–280.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Aleksanderøya