Hodograf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hodograf som syner vind i den øvre atmosfæren.

Ein hodograf er ei kurve som gjev ein vektorrepresentasjon av rørsla til ein lekam eller ei væske. Visst eit materielt punkt rører seg og me frå éit punkt avset linjestykke som svarar til storleiken til farten og retninga i kvart augneblunk, skildrar endepunkta ein hodograf.

Posisjonen til plotta data i ei slik kurve er proporsjonal til snøggleiken til ein flyttande partikkel.

Hodografar vert nytta i fysikk, astronomi og væskedynamikk til å plotte deformasjon av stoff, planetrørsler, vindstyrke eller andre data som omfattar rørsler

Meteorologi[endre | endre wikiteksten]

Innan meteorologi vert hodografar nytta til å olotte vind frå sondeoppstigingar i jordatmosfæren. Vindretninga vert då indikert av vinkelen frå senteraksen og vindstyrken er avstanden frå senteret. Frå hodografar og termodynamiske skjema kan ein rekne ut vindskjer, turbulens og temperaturadveksjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]