Hohberghorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Koordinatar: 46°06′45.7″N 7°51′13.9″E
Hohberghorn
fjell
none Hohberghorn (ute til høgre), med Nadelhorn (til venstre) og Stecknadelhorn (midt i mellom)
Hohberghorn (ute til høgre), med Nadelhorn (til venstre) og Stecknadelhorn (midt i mellom)
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Fjellkjede Wallis-Alpane
Høgd 4 219 moh
Primærfaktor 77 m ↓  mot Nadelhorn
Koordinatar 46°06′45.7″N 7°51′13.9″E
Lettast tilkomst Snøklatring
Førstestiging R. B. Heathcote
 - dato august 1869
Plasseringa i Sveits
Locator Red.svg
Plasseringa i Sveits
Wikimedia Commons: Stecknadelhorn

Hohberghorn er eit 4 219 meter høgt fjell i Wallis-Alpane i Sveits. Fjelltoppen ligg nær ved nordenden av fjellryggen Nadelgrat, ei høg egg som strekker seg nokså nær nord–sør. Denne egga eller fjellryggen ligg nord for Dom, ovan om turiststaden Saas-Fee i aust og dalen Mattertal i vest. Heile massivet ligg i kantonen Valais.

Fjelltoppen vart kliven fyrste gongen i august 1869 av R. B. Heathcote og tre fjellførarar; Franz Biner, Peter Perren og Peter Taugwalder. Dei klatra opp det vestlegaste gjølet ovan om Hohberggletscher til skaret Stecknadeljoch.

Ei bestiging vert i dag ofte kombinert med ein tur til den litt høgre toppen Nadelhorn. Hohberghorn vert då kliven på vegen til denne siste.

Den steile nordaustveggen er 320 meter høg og i snitt 50 grader. Denne veggen vert rekna som framifrå øving med tanke på å klatre den tilsvarande og høgare nordveggen på Lenzspitze.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]